I førjulstida er det mykje førebuing i heimane. Her finn du ei knallgod
fudgeoppskrift, som hos nokre har vore tradisjon i lang tid. Fudge passar
perfekt som juleknask.
Tekst og bilete: Liv Marie Tenold og Marte Lise Lægreid
Legg bakepapir i ei ikkje altfor stor, firkanta form, minst 15cm djup.
Hakk sjokoladen og legg den i botnen av forma.
Ha sukker, fløyte, smør, mjølk og eventuelt smakstilsetjing i
ein kjele med tjukk botn.
Varma opp under svak varme. Rør av og til.
Varm opp innhaldet til kokepunktet og kok det vidare til massen er tjukk og har
fått ein brunare farge, i ca. 45-60 min. Rør om av og til for å
hindra at massen svir seg.
Hell massen i den firkanta forma når den har fått ein tjukk
konsistens, og sett den til kjøling. Når massen har stivna, kan ein ta den ut av forma og dela den i firkanta
bitar.
Sjokoladen i botnen kan bytast ut med 115g hakka nøtter dersom ønskjeleg.
Me gjer merksam på at
denne nettavisa vert samla
inn og lagra av Nasjonalbiblioteket
regelmessig.
Nettavisa vil verta gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking
og dokumentasjon.
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler. Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte. Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.