Tur til Yksendalsstølen
I høve Eksingedalsmarknaden var det fellestur til Øksendalsstølen. / Les saka
GODT HJELPEMIDDEL: Knut Viljar Hilstad og Jorunn Tepstad synes data er eit bra hjelpemiddel på skulen.
Publisert: 01.02.10 kl. 11.06
Skribent: Gina Bakke Bolstad, Håvard Ekestad og Solvor Agerlie
E-post: bs@avisa-hordaland.no
Hausten 2006 kom det ei ny læreplanreform, Kunnskapsløftet, i norsk skule. Digital kompetanse blei ein av dei fem grunnleggjande "ferdigheitene" ein skulle læra seg. Elevane som byrja hausten etterpå, fekk utdelt kvar si berbare datamaskin.
På Voss gymnas og andre vidaregåande skular rundt om i landet var det blanda kjensler mellom lærarane då det blei klart at alle elevane skulle få eigen datamaskin.
Siri Persen, som underviser i engelsk og fransk for 1. og 2. klassingar på Voss gymnas, meiner at når ein underviser i eit språk, har ein meir enn nok med å læra vekk på "gamlemåten".
Ho er derimot positiv til lærebøkene sine nettsider, og meiner dei kan vera til god hjelp når elevane skal gjere oppgåver. Elles er data bra når den blir brukt på riktig måte.
– Eleven skal kunna ting, ikkje berre vita korleis ein finn det på nettet, seier Persen.
Persen fortel at data kan bli eit heft i timane, og at elevane fort kan miste konsentrasjonen. Dette er spesielt for fyrsteklassingar, der datamaskin i skulen framleis er ganske nytt.
Elevane som byrja på Gymmen hausten- 07 var forventingsfulle til at dei skulle få bruke datamaskin på skulen.
– Eg visste ikkje kor mykje eg kom til å få bruka data på skulen, men eg var glad me slapp å skrive norskstilar for hand, slik som på ungdomsskulen, seier Gro Ekestad Bauge som går i tredje klasse på Voss gymnas.
Gro synst det har vore bra å ha data dei tre åra ho har gått på Voss gymnas, men at det burde bli strengare reglar for bruk av data i timen.
– Det er mange som trur at når elevane er komne på vidaregåande skule, så er dei blitt så modne at dei skal kunna kontrollera sjølv kva sider dei er inne på, men det er langt frå riktig, seier Bauge.
Me har snakka med Knut Viljar Hilstad og Jorunn Tepstad som går i 1B på Voss gymnas om kva dei synst om at data har blitt ein så stor del av skuledagen. Dei er begge einige om at data absolutt ikkje øydelegg utdanninga deira.
– Me lever i ei datatid, og det er viktig å læra seg data, men det er lett å bli distrahert av Facebook, seier Knut Viljar.
Dei innrømmer også at dei ofte er inne på andre sider, slik som Facebook.
Knut Viljar seier at det er deira eigen feil at dei innimellom mister konsentrasjonen i timane, ved å gå inn på Facebook og andre sider.
– Det går an å følgje med i timen sjølv om ein er på Facebook, meiner Jorunn.
– Nei, det er vanskeleg, seier Knut Viljar og ler.
Sjølv om konsentrasjonen kanskje ikkje alltid er på plass, er dei begge samde om at datamaskin er eit bra hjelpemiddel i skulekvardagen.
– Skulen hadde blitt kjedeleg hadde me ikkje hatt datamaskin, seier Knut Viljar spøkefullt.
BOLSTAD: I alt 7,65 millionar er sett av til Øvstedalsvegen. Før neste sommar skal nytt, fast dekke vera på plass. / Les saka
VOSS: Fire entreprenørar har gjeve tilbod på kulverten i vestre ende av Vangstunnelen. NCC er klart lågast i pris. / Les saka
DALE: Ein eller annan gong i løpet av natta har einkvan teke seg inn på Camillas kro på Dale. Det er førebels ingenting som tyder på at noko er stole. / Les saka
BERGEN: Til helga vert Bryggen i Bergen fyllt av lekker lokalmat frå fylket. / Les saka
Modalen er ikkje berre våtaste staden i landet. Måndag var bygdesenteret Mo også varmaste staden i landet, nesten. 24,0 grader synte den offisielle gradestokken på det meste. / Les saka
VOSS/HARDANGER: Utlendingar går på dørene og påstår dei sel Hardanger Bestikk. No åtvarar tradisjonsverksemda i Kinsarvik mot utanlandske seljarar som utgjev seg for å vera deira representant. / Les saka
Tips oss: 4747 1883
E-post: tips@avisa-hordaland.no
Du må ha Flash 8 eller nyare for å sjå dette innhaldet
I høve Eksingedalsmarknaden var det fellestur til Øksendalsstølen. / Les saka
ULVIK (GALLERI): Gartnarskulen på Hjeltnes har frå i haust nytt namn, eit nytt studium, og som vanleg nye elevar. / Les saka
Finden er ein liten idyll på sørsida av Sognefjorden. / Les saka
Dette motivet er verdskjent; Stalheim Hotel, Jordalsnuten og Nærøydalen, / Les saka
Turen starta ved hytta ved Grånolten,om Torfinnsheim og over Torfinnsvatnet. / Les saka