Tur frå Finden til Solrenningen
Finden er ein liten idyll på sørsida av Sognefjorden. / Les saka
LESELYST: Denne gjengen skal vera med å bestemme kven som får Ungdommens kritikarpris til neste år. Frå og med svart einsfarga lue til venstre, og vidare rundt «ringen»: Viljar Dyvik Sellevold, Ari Sæberg Thorsteinsson (framme til venstre), Synnøve Andersen, Adrian Kydland Skaftun, Syn-ne Møster Aas, Ruben Amundsen Vaksdal, Synne Hirth Klovning, Kim Christer Hylland, Sondre Gösta Fjose Sand-berg. Bjørn Hagen og Ragnhild Kirstine Linde er også med i klassen, men var ikkje til stades då bildet var teke. FOTO: DANIEL MELVE KVARME
Publisert: 18.12.09 kl. 11.09
Skribent: Brynhild Steine
E-post: bs@avisa-hordaland.no
3. klasse musikk ved Voss gymnas er ein av ni klassar i Noreg som dei komande månadene skal dissekera norske forfattarar.
Juryen i år er rekordstor med over 200 elevar frå heile landet. Den er sett saman av elevar frå elektrolinjer, dans- og musikklinjer og studieførebuande linjer. Bøkene elevane skal lesa er valde ut mellom all norsk skjønnlitteratur for vaksne som er gjeven ut i 2009. Åtte titlar står på lista av bøker som skal lesast gjennom og vurderast. Til slutt skal elevane i klassen diskutera seg fram til ein vinnar. Prisen vert delt ut 4. mars, same dagen som Kritikarprisen.
Variert lesetempo
Sidan byrjinga av november har eleva nelese bøker i kvar norsktime på skulen. Nokre har lese fleire, andre nokre få bøker. – Eg trur me har veldig variert lesetempo, seier Synne Hirth Klovning. Sjølv om elevane bruker timane på skulen for å lesa, må dei ty til fritida òg. – Eg har store planar om å lesa mykje i melsdagane, seier Ruben Amundsen Vaksdal. For å vurdera bøkene, har elevane fått hjelp frå ein ekte kritikar, BTjournalist Gro Jorstad Nilsen. Ho har vore på Voss, for å gje tips om kva elevane skal sjå etter i bøkene. – Me har lært litt om kva me skal sjå etter når me les. Skildring av miljø, og korleis me skal grunngje kvifor me likar eller ikkje likar boka, seier Amundsen Vaksdal. For elevane er det viktig at boka fengjer tidleg og at det er ein tydeleg konflikt. – Eg saknar krimbøker. Det er det eg likar best, seier Ari Sæberg Thorsteinsson. Bøkene er mynta på vaksne og prisen er vorten kritisert fordi ein del meiner at det er feil at ungdom les bøker plukka ut av vaksne, for vaksne. – Eg meiner det er litt feil at vaksne skal velja ut bøkene, det burde vore ungdomar som valde dei ut, seier Ari. Jo Nesbø er ein favoritt i klassen, spesielt mellom gutane. Ingen av dei les mykje elles i fritida. – Eg synest ikkje at nokon av desse bøkene fengjer så veldig, og meiner innhaldet bør vera meir lesverdig for oss, seier Viljar Dyvik Sellevold. – Meininga med prosjektet er å auka leselysta og leseevna, seier faglærar Kari Høyland. Det var hennar idé å søkja om at klassen skulle vera med. – Sjølvsagt spurde eg dei på førehand, men denne klassen er glad i ei utfordring, så det gjekk bra, ler Høyland. Og utfordringane står i kø for elevane. Etter å ha brukt hausten på russerevy, er det no eit musikalprosjekt som skal byrjast på. Samstundes skal bøkene lesast og vurderast nøye. Raud tråd Sex, homofili, død og kjærleik går att som ein raud tråd i alle bøkene. – Eg forventa kanskje ikkje at det var så mange detaljar om homofili, til dømes, i bøkene, seier Hirth Klovning. Til og med ei diktsamling er mellom dei nominerte. – Det er vanskeleg å vurdera dikt, men me leitar etter dei same tinga der òg, seier Hirth Klovning. Første gongen Ungdommens kritikarpris vart delt ut var i 2006. Prisen vert delt ut på Det Norske Teatret i Oslo og er eit samarbeid mellom Foreningen !les, Norsk Kritikarlag, Den norske Forleggerforening, Kunst og Kultur i Opplæring og Utdanningsforbundet. I slutten av februar reiser to elevar frå Voss til Oslo for å møta dei andre representantane. Her skal dei saman diskutera seg fram til ein vinnar. Det same må elevane gjera på skulen før dei reiser til Oslo. – Eg trur me må bruka god tid på å finna ein vinnar, seier Synnøve Andersen. Over jol vert det nytt besøk av Jorstad Nilsen før turen går til Oslo.
VOSS: Onsdag kveld har nokon tømd ein konteinar full av klede hjå Fretex. / Les saka
VOSS: Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg overrekte tysdag diplom og 50.000 kroner til prisvinnarane frå Ulvund. / Les saka
VOSS: Utrykkingspolitiet stilte seg opp ved brannstasjonen i Hardangevegen i ettermiddag. På ein time hadde ti bilførarar fått gebyr for ikkje å ha brukt bilbelte. / Les saka
NETT: Frå og med i dag onsdag 1. september, kan unge vera med i debatten og seia kva dei meiner på den nyopna nettstaden framtida.no / Les saka
VOSS: Litt skyer onsdag og torsdag, men oppklaring frå fredag. Og for helga ser det verkeleg bra ut, sol og fint, opplyser Knut Sætre ved Vêrvarslinga på Vestlandet. / Les saka
VOSS: Frå sist fredag og ut denne veka, kjem Statens Vegvesen til å gjennomføra ein landsomfattande kampanje for bruk av bilbelte, / Les saka
Tips oss: 4747 1883
E-post: tips@avisa-hordaland.no
Du må ha Flash 8 eller nyare for å sjå dette innhaldet
Finden er ein liten idyll på sørsida av Sognefjorden. / Les saka
NETT: Frå og med i dag onsdag 1. september, kan unge vera med i debatten og seia kva dei meiner på den nyopna nettstaden framtida.no / Les saka
Turen starta ved hytta ved Grånolten,om Torfinnsheim og over Torfinnsvatnet. / Les saka
23. august var det ein fin dag og sola gjekk ned i 21-tida - i ein fantastisk solnedgang over Hamlagrøfjella og vatnet. / Les saka
Dette biletet er teke frå Hjelle / Les saka