Tur til Yksendalsstølen
I høve Eksingedalsmarknaden var det fellestur til Øksendalsstølen. / Les saka
FLOTT: Eit pepperkakehus får fram ekta jolastemning. FOTO: METTE VINTERTUN
Publisert: 03.12.09 kl. 13.13
Skribent: Mette Vintertun, Solveig Mundal Alme og Caroline Pugh Vorland
Det nærmar seg jol og tida for jolebaksten står for døra.
Mange familiar har som ein fast tradisjon å samlast rundt kjøkkenbordet og høyra på jolesongar medan dei set saman årets peparkakehus. Difor synest me at det er ein god idé å dela ei oppskrift med dykk, tilfelle nokon har rota den vekk eller vil prøva ei ny.
Smelt sukker, smør og sirup over svak varme. Tøm dette i ein bakebolle og rør i resten av ingrediensane.
Eit godt tips er å kna alt saman med hendene. Lat bollen med peparkakedeig stå kjøleg i 1-2 timar. (Kan òg stå til dagen etterpå)
Kjevl ut deigen til den er ca ½ cm tjukk. Det er om å gjera å få det så tunt som mogleg, om ikkje kan veggane på peparkakehuset bøya seg.
Skjer ut veggar, tak og vindauge til peparkakehuset, steik midt i omnen i 8-10 minutt ved 180 gradar, og avkjøl på rist når ferdigsteikt.
Lim saman tak og veggar med smelta sukker. Ver merksam på at det smelta sukkeret er svært varmt, så ver forsiktig.
Når huset er sett saman er det berre pynting som står att. Då kan du røra saman eggekvite og melis for å få ein melisglasur, og så kan dei som vil - pynta huset med ein heil haug med godteri.
Håpar de alle får ei god adventstid og lukke til med bakinga!
BOLSTAD: I alt 7,65 millionar er sett av til Øvstedalsvegen. Før neste sommar skal nytt, fast dekke vera på plass. / Les saka
VOSS: Fire entreprenørar har gjeve tilbod på kulverten i vestre ende av Vangstunnelen. NCC er klart lågast i pris. / Les saka
DALE: Ein eller annan gong i løpet av natta har einkvan teke seg inn på Camillas kro på Dale. Det er førebels ingenting som tyder på at noko er stole. / Les saka
BERGEN: Til helga vert Bryggen i Bergen fyllt av lekker lokalmat frå fylket. / Les saka
Modalen er ikkje berre våtaste staden i landet. Måndag var bygdesenteret Mo også varmaste staden i landet, nesten. 24,0 grader synte den offisielle gradestokken på det meste. / Les saka
VOSS/HARDANGER: Utlendingar går på dørene og påstår dei sel Hardanger Bestikk. No åtvarar tradisjonsverksemda i Kinsarvik mot utanlandske seljarar som utgjev seg for å vera deira representant. / Les saka
Tips oss: 4747 1883
E-post: tips@avisa-hordaland.no
Du må ha Flash 8 eller nyare for å sjå dette innhaldet
I høve Eksingedalsmarknaden var det fellestur til Øksendalsstølen. / Les saka
ULVIK (GALLERI): Gartnarskulen på Hjeltnes har frå i haust nytt namn, eit nytt studium, og som vanleg nye elevar. / Les saka
Finden er ein liten idyll på sørsida av Sognefjorden. / Les saka
Dette motivet er verdskjent; Stalheim Hotel, Jordalsnuten og Nærøydalen, / Les saka
Turen starta ved hytta ved Grånolten,om Torfinnsheim og over Torfinnsvatnet. / Les saka