annonse

Kan utvida Stanghelle med tunnelmassar

UTVIKLING
UTVIKLING: Stanghelle kan bli større ved å fylla ut massar i fjorden. Neste veke blir mogelegstudia for Vaksdal og Voss presentert. Arkivfoto

Mogelegstudie om kva ny E16 vil seia for Voss og Vaksdal skal vera klar denne veka. Alt no har ordførar Eirik Haga klare forventingar til folketalsvekst.

  • Anne Rivenes

Voss og Vaksdal reknar med at ny E16 og ny jernbane vil bety mykje for kommunane. Dei har saman leigd konsulentfirmaet Asplan Viak til å laga ei mogeleg­studie, som skal visa potensialet bygdene langs strekkja har til å dobla folketalet.

Meir byggjeland

Studien har fått ei vekes utsetjing­, og resultata blir truleg presentert komande veke.

Men alt no veit ordførar Eirik Haga at konsulentfirmaet peikar­ på at det kan bli meir byggjeland på Stanghelle ved å fylla tunnelmassar i fjorden.

- Ifylgje Asplan Viak er dette ei mogelegheit som dei ser. Det er også i tråd med nasjonale føringar­ om å byggja tett og nær kollektivknutepunkt, seier Haga.

Steinmassar i fjorden

Men å fylla store steinmassar i ein fjord i eit nasjonalt laksevassdrag, er ikkje uproblematisk­.

- Det er ikkje snakk om å fylla att, men å fylla ut på begge kantar av Dalevågen. Steinen må også vaskast fyrst, slik at ikkje støv frå tunnelmassane legg seg på gjellene til laksen, seier Haga.

- Må ta vår del av veksten

Han er positiv til at tunnel­massane frå veg- og banebygging blir brukt på ein planmessig og god måte som vil gje nytt byggjeland.

- Er det mangel på byggjeland på Stanghelle?

- Det er ikkje så stor rift nett no, men når storsamfunnet skal bruka 35 milliardar kroner på strekninga Arna-Voss, må me leggja til rette for å ta vår del av den forventa veksten i Bergensområdet, meiner Haga.

Han understrekar likevel at ein må bruka tid på å vurdera alle sider, og at saka sjølvsagt vil gå gjennom ein demokratisk planprosess.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse