annonse

Katt vart kidnappa og kasta ut av bil i 80 km/t

BLODIG
BLODIG: Ponduline var hardt medfaren då han kom heim til Stanghelle fredag kveld.
HØGT ELSKA
HØGT ELSKA: Ponduline er William sin katt, og han var ikkje i tvil om at Ponduline skulle få leva vidare. Her er dei komne heim etter operasjonen.
KIDNAPPA
KIDNAPPA: Ponduline var ein tillitsfull katt som gjerne helsa på framande utanfor butikken på Stanghelle. Her vart han også kidnappa og teke med i ein bil rundt klokka halv ni fredag kveld.
PÅ OPERASJONSBORDET
PÅ OPERASJONSBORDET: Høgre framfoten til Ponduline var fullstendig knust. Veterinær Bjørn Helge Brunborg skal i gang med amputasjon.
MELDER
MELDER: Elin Fosse var ikkje sein med å koma seg på lensmannskontoret for å melda dyremishandlinga. Politifyrstebetjent Jostein Birkeland ser svært alvorleg på saka.

Katten Ponduline måtte amputera foten etter å ha blitt slengt ut av ein bil i fart på E16. No jaktar politiet på gjerningsmennene.

  • Ingerid Jordal
  • Sara Finne

Dramatikken starta førre fredag kveld, då Elin Fosse sleppte ut katten Ponduline (4) frå huset på Stanghelle. Elin bur på toppen av Coop-butikken i lag med mannen Emanuel Sanhaji og sonen William Fosse Ekren (13), og katten brukar ofte å tusla rundt huset og på den vesle plassen mellom butikken og kroa Naboen. Ikkje lenge etter vert Ponduline teken med i ein bil, utan at familien merkar det.

- Han elskar å vera ute, og er veldig tillitsfull mot menneske. Kanskje litt for tillitsfull, seier Elin.

Vart kasta ut i tunellen

Like etter klokka halv ni same kvelden, kjem Renate Knutsen Molund køyrande på E16 frå Bergen. Ho og dei to andre venninnene er på veg heim til Vaksdal, og er straks framme når dei køyrer gjennom Bogatunnelen. Plutseleg ser dei ein katt som vert kasta ut av vindauget på bilen som kjem i motsett køyrefelt. Katten landar rett framføre bilen deira, og dei må bråbremsa for ikkje å køyra på han. Bilen som katten vart kasta ut av, susar vidare. Fartsgrensa i tunellen er 80 km/t, og alt går veldig fort.

- Me køyrde ut av tunellen, snudde i krysset på Vaksdal, og køyrde inn att. Ho eine som sat i bilen greidde til slutt å fanga katten, medan vogntog og bilar suste forbi. Det var utruleg ekkelt, seier Renate.

Dei tre damene får raskt lagt ut eit bilete av katten på ei lokal Facebook-side for Vaksdal. Det tek ikkje lange tida før katteeigar Elin får beskjed.

- Me forstod ingenting, og visste ikkje at katten var vekke ein gong. Då me fekk høyra kva som hadde skjedd fekk me totalt sjokk, seier ho.

- Ei grufull handling

Ponduline får koma heim att til familien på Stanghelle. Katten har overlevd mot alle odds, men blør litt frå hovudet og eine poten. Etter ein rask sjekk hjå dyrlegevakt på laurdagen, er familien på plass hjå dyrlege Bjørn Helge Brunborg på tysdagen for å få dommen om korleis det står til med katten. Ponduline ser betre ut, men held den eine labben tett inntil kroppen. Dyrlege Brunborg fortel at han vart skaka då han høyrde om hendinga.

- Rett og slett ei grufull handling. Det å gjera noko slikt vitnar om psykopatiske tendensar, og at ein er fullstendig på gale vegar, seier han.

Måtte amputera

Etter ein rask runde på røntgenrommet, kan Brunborg gje beskjeden til familien. Poten til katten er fullstendig knust.

- Dette går det ikkje an å leva med. Anten må me avliva, eller så må me amputera. Vil de ha ein amputert katt?

- Sjølvsagt! seier Elin.

Sonen William og mannen Emanuel er heller ikkje i tvil.

- Me kan ikkje drepa denne katten. Det er jo ikkje hans feil at dette har skjedd. Og har han overlevd dette, kan han overleva alt, seier Emanuel.

Familien, som måtte punga ut 7500 kroner for operasjonen, får no ein katt med tre bein. Dyrlege Brunborg fortel at ein katt kan ha eit heilt fint liv med ein fot mindre.

- Dei er veldig gode på å kompensera, og har god balanse. Men det vert jo sjølvsagt eit handikap, seier han.

Politiet vil ha tips

Politiet på Voss jobbar no med å finna ut kven som kasta Ponduline ut av bilvindauget i Bogatunnelen. No ynskjer dei tips frå publikum.

- Me trur at katten vart plukka opp i området mellom Coop-butikken og kroa Naboen. Om nokon har sett noko mistenkjeleg her førre fredag, altså 20. januar, vil me vita om det. Det aktuelle tidsrommet er i 20.30-tida på kvelden, seier Jostein Birkeland i politiet på Voss.

Leitar etter ljos personbil

Birkeland vil understreka at sjølv små opplysningar kan vera viktige i saka.

- Det kan gjelda ulike bilar eller personar som har vore i området, til dømes. Sjølv små ting kan vera nyttige for oss, slik at me kan danna oss eit bilete av kva som skjedde, seier han.

Politiet har enno ingen mistenkte i saka. Bilen som Ponduline vart kasta ut av, er omtala som ein personbil med ljos farge.

- Me har teke avhøyr av katteeigarane og fleire vitne, i tillegg til at me har fleire namn på blokka, seier Birkeland.

- Må få konsekvensar

Det er langt mellom kvar gong politiet på Voss får ei slik type sak på bordet. Birkeland fortel at dei tek saka svært alvorleg.

- I tillegg til dyreplageri, har gjerningsmennene også skapt ein svært trafikkfarleg situasjon for bilen som kom imot. Dei kasta katten rett framføre bilen deira, og instinktet når ein får noko framfor bilen er ofte å svinga til sida. Dei kunne gått rett i tunellveggen, men var heldigvis vakne og bremsa i plassen, seier han.

Kva konsekvensane kan verta om politiet finn dei skuldige, er for tidleg å seia.

- Saka er kompleks. Men at dette må få konsekvensar er det ikkje tvil om, for slik kan ein ikkje halda på. Det er rett og slett forkasteleg, og me har svært lyst til få tak i dei som gjorde dette, seier han.

I sjokk

Elin, Emmanuel og William er sjokkerte over at folk kan finna på å gjera noko slikt.

- Dei må vera heilt sjuke i hovudet. Eller ha totalt mangel på empati. I tillegg skapte dei ein utruleg farleg situasjon for damene som kom i bilen imot. Dei kunne jo køyrt av vegen, seier Elin.

Renate, som plukka opp katten, er også framleis i sjokk over det som skjedde.

- Me var heilt skjelvne tid etterpå. Det var uverkeleg, og heilt forferdeleg at nokon er i stand til å gjera dette mot eit dyr. Eg kjenner at eg vert sint, og eg håpar verkeleg at dei vert tekne, seier ho.

Ifylgje Renate var det aldri nokon tvil om at dei skulle snu for å plukka opp katten inne i tunnelen, sjølv om dei utsette seg sjølve for ein farleg situasjon.

- Det var ikkje noko spørsmål ein gong. Alle tre er veldig glade i dyr, og eg har tre kattar sjølv. Då er det ekstra vondt å sjå noko slikt, seier ho.

- Håpar dei vert tekne

Elin, Emanuel og William er utruleg takksame for at dei tre damene plukka opp Ponduline inne i tunellen.

- Og me er takksame for at det gjekk så bra med alle saman. Her har alle involverte verkeleg hatt flaks, seier Elin.

No håpar dei at dei ansvarlege vert stilte til ansvar av politiet.

- Me har sjølvsagt meldt dette, og håpar at nokon som har sett noko eller veit noko vil ta kontakt med politiet. Neste gong er det kanskje menneske som vert skadd, seier dei.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.