annonse

Lever den amerikanske draumen

TUPPERWARE-PRESIDENTEN
TUPPERWARE-PRESIDENTEN: Stein Ove Fenne frå Dale held mange føredrag om idégrunnlaget for Tupperware, om sin eigen amerikanske draum og om arven han har med seg frå Noreg. Her er han på eit «YDream Success Seminar» med lokale seljarar i staten Washington. Biletet over er frå jubileet i 2016, og viser at mangt er større «over there». Også scenene, men guten frå Dale held roa.
Venstre
Venstre: Luren kjem fram under bordseta, der Stein Ove er heidersgjest. Høgre: Stein Ove saman med ein annan heidra skandinav, Clinton Hill, som tente som livvakt for fem presidentar. Til venstre for Fenne står forfattar Lisa McCubbin. Under: Kjem du i Hall og fame, kjem du også i media. Han rekk eit raskt intervju på gangen med eit lokalt medieselskap.
Frå venstre
Frå venstre: Ayla Victoria (8), kona Trude Kristin, Josefine (17), Olav Adrian (14), Nathaniel Johan (10). Under pannekaka: Stein Ove Fenne.
FABRIKKBESØK
FABRIKKBESØK: Stein Ove Fenne har ansvar for to av Tupperware sine fabrikkar, ein i Mexico og ein i South Carolina. - Det var fleire som vart litt undrande då eg tok til å vitja produksjonen, men no er det heilt vanleg, fortel han.
RANCHEN
RANCHEN: Selskapet Fenne jobbar i har ein eigen ranch ein kan reisa til og slappa av på.

Som gutunge såg han drøymande på statuen av amerikafararen Knut Rockne.

Karl Ystanes

Lite visste Stein Ove Fenne då om at også han skulle leva ut den amerikanske draumen, vera i toppleiinga i eit milliardkonsern - og som Rockne hamna i Scandinavian-American Hall of Fame.

Historia om Dale-guten Stein Ove Fenne (44), storsjef i Tupperware i USA og Canada, er historia om den amerikanske draumen som går i oppfylling for ein ung, talentfull og arbeidsvillig immigrant som søkjer lukka «over there», jobbar beinhardt - og vinn.

I haust hamna Fenne i eit eksklusivt selskap i USA, då han under den årlege «Norsk Høstfest» i Nord-Dakota, vart innlema i «The Scandinavian-American Hall of Fame.»

Heideren går til personar frå Skandinavia som har merkt seg ut i Amerika. På lista finn me folk som Walter Mondale, Buzz Aldrin, Leif Eriksson, Stein Eriksen, for ikkje å gløyma Knut Rockne frå Voss.

I år fekk altså den smilande karen frå Dale denne heideren. Grunnen er ei oppsiktsvekkjande karriere i gigantkonsernet Tupperware, og fleire tunge verv og engasjement, mellom anna for born og unge.

Drøymde alltid om USA. Stein Ove Fenne er fødd på Voss i 1972, og vaks opp på Dale, der faren jobba på fabrikken.

Etternamnet har han frå Dalsleite på Voss. Fleire i denne slekta reiste til Amerika i utvandringstida. Historiene om det nye livet i Amerika, var magiske eventyr for den vesle guten. Ofte såg han drøymande på statuen av trenarlegenda Knut Rockne, dei gongane han vitja Voss. Rockne vart ein verdskjend trenar i amerikansk fotball.

- Eg ville gjera som Rockne, eg ville dra over dit, søkja den draumen. Det var noko der borte eg berre måtte oppleva, fortel han.

Då han var 16 år, hadde dette «noko» vakse seg så sterkt at han reiste. Fyrst som utvekslingsstudent. Mykje tyder på at han fann seg til rette, for han vart der i fem år som lukkeleg student.

I 1993, då han var 20 år, døydde far hans. Han reiste heim til Dale, verva seg og gjorde militær karriere ved Forsvarets mediesenter, der han, med ny inspirasjon frå Amerika, vart sentral i å endra heile måten det norske forsvaret kommuniserte på.

Han vart i Forsvaret i ti år, fleire av dei som major og sjef for Forsvarets mediesenter, berre 28 år gammal.

«The lights are on for You». Amerika låg alltid der likevel, og lokka i hjarta hans. I 2000 sende Forsvaret Fenne til USA for å ta masterutdanning i økonomi og administrasjon. Medan han var der, gjekk han inn i eit konsulentoppdrag for Tupperware-konsernet. Oppdraget var å byggja organisasjonen i Kina.

Styreformannen i Tupperware var så nøgd med jobben Fenne gjorde i Kina, at han passa på å halda kontakten.

- Jamvel to år etter skreiv han at «the lights are always on for You at Tupperware». Då tenkte eg «oi!», han meiner verkeleg alvor, fortel Stein Ove.

- Så i 2003 pakka kona mi Trude Kristin og eg alt me hadde, tok med dei to borna våre, og emigrerte. Me starta eit heilt nytt, og fantastisk liv i USA. Me fylgde draumen, fortel han.

Han byrja som strategisk planleggjar i Tupperware, eit industriselskap basert på direktesal, som produserer ei rekkje ulike hushaldsvarer som kar, koppar, fat, bollar og andre nytteartiklar over heile verda. Det finst knapt ein avkrok i verda, der det ikkje finn stad eit «Tupperware-party». Du vil truleg finna minst ein slik artikkel i kvart einaste kjøkken, berre i Noreg.

Med på oppturen. På kort tid klatra Fenne i konsernet, og er no ein av direktørane i konsernleiinga i Tupperware Brands, og er administrerande direktør for selskapet si verksemd i USA og Canada. I tida han har vore med, har selskapet auka omsetninga frå 600 millionar dollar til 2,6 millionar dollar. Fenne har vore med heile vegen, fullstendig oppslukt av Tupperware-ideen og arbeidskollegiet.

- Forretningskonseptet og visjonen til Tupperware er å gjera ein skilnad for kvinner over heile verda. At dei skal kunna skapa seg eit levebrød med minimale startinvesteringar. Våre mikrofinansieringsløysingar, der me kuttar mellomledda, gjer dette mogleg. Det er eit svært gjevande arbeid å delta i, fortel mannen som mellom 2006 og 2011 budde fire år i Danmark, medan han leia konsernet si satsing i Norden og Baltikum.

Somrane på Stamnes. Familien Fenne bur i Orlando i Florida, og borna har no blitt fire. Stein Ove er stadig på farten over heile det nordamerikanske kontinentet. Å vera sjef i eit selskap som har tre millionar medarbeidarar over heile verda, er ikkje nokon ni-til-fire-jobb. Berre i dei to fabrikkane han har ansvar for, éin i USA og éin i Mexico, jobbar det over tretten hundre personar, og Fenne vitjar folka i produksjonen ofte.

- Eg likar det svært godt. Nokre vart litt usikre då eg dukka opp «på golvet» i byrjinga, men det er ein del av den skandinaviske leiarskapskulturen eg står for. Det minner faktisk om Dale-fabrikkane, som eg var innom i ungdomen. Mykje av stemninga er den same, og folka her er så viktige for oss, fortel han.

Han har for lenge sidan slutta å tenkja på når arbeidsdagen sluttar, eller byrjar. Mange dagar er han meir oppe i lufta enn på bakken. Tre av fire veker er han borte frå familien.

- Eg må vera til stades heile tida, heile veka, heile året. Slik er det berre, seier Fenne, som snakkar på inn- og utpust, med ein iver og glede som avslører overskot, jamvel om dagane kan verta lange.

Det er nemleg ikkje alltid slik. Han prioriterer familien høgt når han kan. Kvar jol vert feira på Lillehammer, der kona er frå, og kvar einaste sommar vitjar dei syskena hans heime på Stamnes, der veslebroren Werner fortel at toppleiaren då er heilt som «før»; normal og nedpå.

- Me sit ikkje og diskuterer milliardar. Når Stein Ove er heime, er han som oss. Då er det litt underleg å tenkja over kva jobb han har, og suksessen hans. Når me er på fjordtur i ei godt brukt snekkje, på fjelltur, eller leikar med borna på Skipshelleren, så er han oppslukt i familien, seier Werner.

Han legg til at dei gjerne dreg litt i han ved å insistera på at han må leggja ut, når dei er på butikken på Stamnes.

- Somrane på Stamnes er hundre prosent familietid, og det er herleg. Familien er viktigast av alt, og eg har ei fantastisk kone. Utan henne hadde dette aldri gått, stadfestar Stein Ove, som framleis kallar seg daling.

- Eg er jo norsk, eg er jo daling og eg lengtar ofte heim. Under seremonien i Nord Dakota, då eg vart innlema i Hall of Fame, kjente eg at eg er stolt av bakgrunnen og den norske arven min, samstundes som eg var audmjuk over den store æra som Norsk Høstfest viser meg.

Skryt for stell av staben. Han får plaketten og heideren i Hall of Fame for det gode arbeidet han har gjort og gjer i Tupperware. I grunngjevinga trekkjer guvernøren i Nord Dakota, Jack Dalrymple, fram at Fenne har påverka selskapet ved å integrera ein skandinavisk leiarskapskultur, og at han har særskilt gode strategiske evner til leiing. Han vert også heidra for å pleia den «emosjonelle kapitalen» i selskapet, det vil seia korleis alle tilsette ser på seg sjølve, jobben og kollegaene på ein positiv måte.

Vidare vert engasjementet Fenne har vist for born og unge som treng hjelp av ulike årsaker, trekt fram. Han har vore i styret for Boys & Girls Club, ein av dei største velgjerdsorganisasjonane for born i USA. Han vart teken med inn i dette arbeidet av Colin Powell, forresten.

Facebook-faktoren. Facebook, og andre sosiale media, er som skapte for eit selskap som Tupperware. Dette oppdaga Stein Ove tidleg. Facebook gjev han som leiar heilt nye høve til å vera til stades over alt i verksemda.

- No har me høve til å sjå kvarandre, og snakka saman på ein måte som aldri var råd tidlegare. Om nokon held ein demonstrasjon av våre varer til dømes på Bordalen på Voss, og legg dette ut på Facebook, så kan eg respondera og gje støtte og skryt, medan eg flyg mellom Mexico og Vancouver. Tenk kva for moglegheiter dette gjev for å byggja kvarandre, sjå folk og lata dei skina, seier han.

- Kva tenkjer du om framtida?

- Eg vert nok i dette selskapet i lang tid framover. Når tida vert mogen for å trekkja seg attende, så er det naturleg å sjå for seg vidare engasjement innan undervisning, for å læra bort det ein har erfart, ulike styreverv og sjølvsagt turar heim til Noreg.

Flau over valet. - Du er president i Tupperware, men det er ein annan president som har fått noko meir merksemd siste tida. Kva tenkjer du Trump, og om presidentvalet i år?

- Valkampen har vore ei dramatisk, aggressiv og utruleg flau oppleving. Eg er letta over at valet no er over, og me var eigentleg budde på vonbrot uansett resultat. Men eg sit her i dag med ei vond kjensle i magen, av at me har valt ein president som ein må passa på kva han seier framfor borna. Ein president som har så liten respekt for det me meiner er gode norske verdiar. Han er ein leiar med eit gammaldags kvinnesyn, er vulgær i språkbruken og har manglande moralske prinsipp. Men eg har verkeleg tru på at det demokratiske systemet her borte vil skapa ein motbalanse i tida som kjem. Og livet går alt vidare som vanleg i dei fleste stadene her i USA. No kan me endeleg fokusera meir på framtida, seier Fenne.

- Vurderer du nokon gong å flytta attende til Dale?

- Eg trur eg har blitt litt for glad i det gode klimaet her i Orlando, og livet vårt her. Eg vil alltid ha Dale med meg, men no har me jo budd her i mange år. Det vert uansett mange, mange turar heim i framtida også, seier toppleiaren frå Dale, «president» Stein Ove Fenne.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.