annonse

Vaksdal Mølle i 150 år

LANG TRADISJON
LANG TRADISJON: I 150 år har Vaksdal Mølle vore i rivande utvikling. Laurdag er det ope hus, og føredrag med mellom fleire Frank Aarebrot. (Foto: VAKSDAL MØLLE)
FOTO
FOTO: Vaksdal mølle

Vaksdal Mølle feirer 150 år. Laurdag opnar jubilanten dørene for alle.

Ørjan Brattetveit

- Det er open dag med guida omvising, utstilling, føredrag og aktivitetar for born, opplyser kommunikasjonsrådgjevar i Felleskjøpet, Cato Fagermoen.

Dei som vitjar jubilanten får omvising i produksjonen.

- Alle er velkomne, understrekar plassjef på Vaksdal Mølle, Håvar Lundekvam.

BRANN. Mølleeventyret på Vaksdal starta i 1866, då den bergenske handelsmannen og kornimportøren Gerdt H. Meyer fekk rettane til vassdraget i Vaksdal. Mølla stod ferdig i 1871, og det vart produsert 3000 tonn mjøl. Verksemda vart fort ein viktig arbeidsplass for folk i traktene. Og verksemda overlevde fleire brannar i tidlege år. I 1910 vert det malt 85 000 tonn på Vaksdal. Staten kjøpte mølla i 1919. Under krigen okkuperte nazistane mølla. Ni år etter krigen vart Vaksdal råka av flaum, og delar av bygningane raste ut i fjorden. Men alt dette overlevde mølla, og i 1956 vart det starta med produksjon av kraftfôr. På starten av 1960-talet byrja pastaproduksjonen og på 1970-talet vart det oppstart med fiskefôr.

Statens kornmonopol tok slutt i 1995, og Norgesmøllene vart etablert. Felleskjøpet kjøpte Norgesmøllene i 2003. I dag er aktiviteten på Vaksdal delt i to. Norgesmøllene har matmjølproduksjon og Felleskjøpet produserer kraftfôr. Totalt er det i dag 85 tilsette ved Vaksdal Mølle.

Føredrag. Frank Aarebrot er mellom føredragshaldarane laurdag. Den kjende professoren i politikk ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, skal fortelja om framveksten av arbeidarrørsla og den lokale fagforeininga. Møllararbeidarforeininga vart etablert i 1926, og har såleis 90-årsmarkering i år.

Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettsvitskap ved Juridisk fakultet ved UiB, fortel generelt om Vaksdal-anlegget si historie.

Terje Knutsen, fyrsteamanuensis ved Institutt for samanliknande politikk ved UiB, fortel om oppbygging og drift av pastaanlegget på Vaksdal.

Laurdag kveld vert det fest for dei tilsette ved Vaksdal Mølle.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse