BOLSTAD: - Framtidas kraftverk vil liggja der Vosso møter fjorden ved sitt naturlege legje. Ved å fora sjøvatn med alt ferskvatn som kan oppdrivast er framtida sikra for å kunna byggja ein maskinfjell-hall her, med det naturgitte energiutbytte dette vil gje, skriv Dag Kinne. ARKIVFOTO: FRODE RENE

Verdet ved å spela på lag med naturen

Takka vera vår rike natur, har vasskrafta gjort nasjonen vår leiande innan rein energi dei siste hundre åra.

Publisert 19.03.2017 kl. 13.27. Oppdatert kl. 07.43.

Visst har dette kosta flotte fossefall som me så gjerne skulle hatt fleire av, men som me ikkje kan skapa. Me er kome langt ut i eit nytt sekel og kan gjera og få til det meste ein vil. Kunsten er berre å vita kva ein vil ha.

Ifylgje avislesarbrev, veit folket kva me vil ha: Me vil framleis ha vern av vassdrag, me vil ha flaumsikring og me vil ha vasskraft. Ein draum ville sjølvsagt vore å kunna produsera straum av fornybar energi utan inngrep i vassdrag - som ein rein tilleggsgevinst! Her er vel knapt nokon gløymd.

Då har me rett og slett eit tingingsverk vesse og kanskje andre, ynskjer: Det er her tale om eit verna vassdrag fritt for flaumtunnellar i vernesona. Om femti år kan etterkomarane vera vitne til visjon verta røyndom dei kan prisa seg lukkelege av.

PRINSIPPET FOR saltkraftteknologi er fundamentert på samspelet mellom salt- og ferskvatn, der saltvatnet er trykkgjevande. Hovuddelen for dette er den spesielle membranen som slepper vatn igjennom men held på saltionar.

Potensialet er som fylgjer: Osmosedelen genererer trykk tilsvarande 120 meter vassøyle, altså 12 bar. (Osmotisk trykk er på 25 bar, men så mykje kan ikkje utnyttast.)


Eit saltkraftverk på t.d. 25 MW krev fem millionar kvadratmeter membran. Dette høyrest mykje ut, men membranane vert pakka i serskilde modular som kvar kan innehalda 1000 kvadrat-meter membranareal per kubikkmeter modul. Dette er pr.d.d. Membranen vert kontinuerleg utvikla.

Framtidig stipulert energiutbytte er på 1MW frå ein vasstraum på 1m3/s. Dette er rett og slett varig verna naturmusikk i kvart eit fossegil.

Å frårøva framtidige generasjonar desse naturgitte gåvene, er vanvyrdnad - noko ingen vel har mandat til!

VONAR EIN IKKJE FÅR reprise av anlegget i ein grannekommune, der maskinhall og trykksjakt i vertikalen, var sluttførd, alt i handmeisla fjell, for så å verta forkasta til fordel for nytt anlegg med totalt ny plassering.

Osa kraftverk vart kansellert før maskineriet kom på plass. Som me veit vart det sidan gjort vedtak om at det var i Simadalen kraftverket måtte vera for å optimaliserea effekten. (Sima kraftverk. I anleggsperioden var det då teoretisk ferjefritt aust - vest via forsyningstunnellen frå Osafjellet på kring tre og ei halv mil, etter siste salva.)


Vanskar i denne samanhengen, som elles i samfunnet, er at alt som finst pengar i, må hegnast om. Og så lenge det finst fossefall vert det bygd nye kraftverk i tradisjonell stil p.g.a. kjende parametrar.

Dette er realitetane i dag og slik kjem ein ikkje vidare. Gamal vane er som kjend vond å venda.

Fornuft og kløkt må til for å ta vare på fisk i nokre enno verna vassdrag. Såleis er det tungt å koma inn med ny teknologi. Det er einast eit massivt påtrykk av folkeviljen som kan føra til at våre eminente folkevalde gjer «kunstgrepet» her.

DET SOM DETTE «skisserer» er at, om kanskje ikkje morgondagens - men derimot framtidas kraftverk vil liggja ved fjorden. Her er det korkje tale om Ulvik eller Granvin, men der Vosso møter fjorden ved sitt naturlege legje.

Ved å fora sjøvatn med alt ferskvatn som kan oppdrivast er framtida sikra for å kunna byggja ein maskinfjell-hall her, med det naturgitte energiutbytte dette vil gje.

Det at systemet krev dobbelt så mykje sjøvatn som ferskvatn, seier litt om potensialet til osmosekraftverk. (Osmose: gjennomtrenging).


Tvangsreversering av prosessen ved hjelp av høgtrykk som kallast omvendt osmose, er vanleg brukt for å produsera drikkevatn av sjøvatn. Derav er denne membranen skapt, men det ligg enno mykje godt arbeid med forsking og utvikling for å optimalisera denne i tida framover.

SALTKREFTVERK VIL ETTER kvart koma. På landsbasis er det tale om 12 TWh og kring 1700 TWh globalt, ifylgje forsking.

Så lat oss ikkje få eit varig vanvyrd vassdrag ved eit kortsiktig feilgrep å føra «gullet» i feil leid.

Det er då grunn til at Vossavassdraget er varig verna, som er ein langsiktig strategi med eskalerande rikdom som resultat - gitt at «kunstgrepet» vart gjort!