HØGTIDELEG: Mykje arbeid ligg bak oppbygginga av hotellet på Store Ringheim. Svein og Jorunn Ringheim har eit felles livsprosjekt.

Vertskapet på Store Ringheim

Kjærleiken til kvarandre, til born og barneborn, til naturen og ikkje minst til Store Ringheim, er viktigaste drivkrafta for hotellgründerane Jorunn og Svein Ringheim.

Publisert 11.02.2017 kl. 21.20.

- Eg trur me har vore kjærastar lenger enn eg kan hugsa, eg hugsar så dårleg! seier Svein Ringheim med glimt i auga. Men neste setningen slår beina under påstanden:

- Me vart saman i november 1972. Eg var fylt 16 år og Jorunn var 15.

Jorunn Fjose var vangar, Svein kom frå hovudbruket på Store Ringheim. At det skulle verta dei to, ser ut til å ha vore skrive i stjernene.

11. JUNI 1977 gifta dei seg - på Jorunn sin 20-årsdag.

- Eg var krunebrur og greier. Det var mykje folk på Vangen for det var Vossadagane den helga, og ein buss som køyrde forbi - full av japanske turistar - tippa tydeleg over fordi alle storma til vindauga og skulle sjå, minnest Jorunn.

Ho og Svein er framleis gifte, snart 40 år seinare.

- No er det rett før me hanmar inn under Riksantikvaren, flirer Svein.

- Det var mange som meinte at det aldri kom til å halda sidan me var så unge, kjem det frå Jorunn. Det er nok av dei som byter ektemakar og sambuarar både ein og fleire gonger, men det er ikkje tema her i huset.

- Viss graset er grønare på andre sida av gjerdet, er det fordi du har gløymt å vatna! slår Svein fast.

GODT FOR SJELA: Å koma til stølen i Kronæ og få hala opp litt steikjefisk or kulpane er ei av Svein sine store gleder i livet. Tid til born og barneborn står høgt på Jorunn og Svein si ynskjeliste no. Då er stølen i Kronæ eit naturleg paradis å søkja til. alle gamle foto: private

- Me er svært ulike, og me er slett ikkje einige i alt. Men me har lært oss kva som er viktig. Og forholdet mellom oss står fast og er det viktigaste. Ingen av oss hadde greidd dette utan den andre, seier Jorunn.

DENNE HELGA innvier ekteparet på Ringheim det nye tilskotet til hotellet dei har drive sidan 2011: ni nye, ljose og flotte rom i det gamle reiskapshuset frå 1700-talet. Seks store og flotte rom nede, tre mindre og intimt koselege rom - med skråtak - i andre høgda. Dei aller fleste med store og romslege bad.

- Kvalitet i alle ledd er slagordet vårt, seier Jorunn. Dei fyrste betalande gjestene dukkar opp tysdag.

FOR JORUNN, er det ho og Svein har fått til på Store Ringheim ei verkeleggjering av draumen.

- Det vil seia, eg drøymde aldri om å driva hotell og restaurant, men eg hadde i mange år drøymt om å jobba med menneske.

Jorunn er utdanna vernepleiar med toårig ekstrautdanning i tverrfagleg psykososialt arbeid for born og unge. Ho er oppteken av det spirituelle og av kunst og kultur, og draumen var å byggja opp eit senter der mange av desse elementa kunne integrerast.

BLØMER: Jorunn og Svein har drive med mykje opp gjennom åra. Blomar og grønsaker er noko av det dei har dyrka fram på Store Ringheim.

- Slik har det ikkje vorte, så langt i alle fall, seier Jorunn. Som seier planane for Store Ringheim Hotell & Restaurant ikkje stoggar med dei 15 romma ein no har. Nei, 30 rom skal det verta, og i alle fall Jorunn har planane klare.

- DRAUMEN er nok meir Jorunn sin enn min. Eg har alltid likt å få ting til, få ting til å fungera. Men planane til Jorunn argumenterte eg imot i tjue år. Det var berre det at argumenta fall vekk, eitt føre og hitt etter.

Det siste argumentet var at dei ikkje hadde råd til både å setja i stand bygningane som var i ferd med å knela og å byggja om til hotelldrift. Men så fekk Jorunn og Svein frigjort ein god del pengar då dei selde seg ut av hytteprosjektet i Bavallslia. Dermed fall Svein sitt siste argument, og han innsåg endeleg at han hadde «tapt».

- Kan du no, etter 20 år, vedgå at Jorunn hadde rett?

- Ho har alltid rett! Er det ikkje det som er så saltande irriterande med damene; dei har alltid rett?

DET VAR IKKJE heilt enkelt for Jorunn å koma inn som «nyekona» på Store Ringheim. Slekta hadde budd her sidan slutten av 1700-talet, og tradisjonane hang i veggene. Her budde fleire generasjonar i ein storfamilie.

BARNDOM: Livleg om våren på Store Ringheim.

- Du kjende deg aldri god nok, seier Jorunn.

- Det er mindre enn ein kilometer mellom heimane me voks opp i, men det var likevel ein heilt annan kultur her enn på Vangen den gongen, legg Svein til.

Det Jorunn kom til var ein stor gard med tradisjonell drift. Far til Svein, Ivar S. Ringheim, var ein hestekar utanom det vanlege. Utanom det vanlege fordi «alle» bønder hadde hest, men Ivar interesserte seg for og ol fram den eine topptravaren etter den andre.

- Interessa for trav starta nok litt tilfeldig. Tyskarane kverrsette fjordingane kringom då dei kom hit i 1940, og kompensasjonen me fekk på Ringheim var ein tysk kaldblodshest som synte seg å ha talent for trav. Dermed sette han far i gang med alsarbeid med denne hesten som utgangspunkt.

Svein har ikkje arva hesteinteressa.

DET FYRSTE BYGGET som måtte reddast frå forfallet var ei eldgammal vossaløa. Det arbeidet tok til i 2005. Ombygging til restaurant vart gjort i 2010, og 8. juli 2011 vart restauranten opna. På dagen tre år seinare opna dei hotellet med seks rom i den gamle årestova frå 1700-talet.

FRAMTIDSVISJON: Lite visste nok to år gamle Jorunn på fanget til mamma at ho ein dag skulle verta «nyekona» på Store Ringheim - garden i bakgrunnen!

- Er det ikkje rart korleis datoar kan gå att, utan at ein har tenkt eller planlagt det, undrar Jorunn.

8. juli er nemleg vorten ein heilt spesiell dato i familien Ringheim.

8. JULI 1991 opplevde Jorunn og Svein alle foreldre sitt verste mareritt. Smågutane Svein Ivar på ni og Erlend på sju var på stølen Kronæ ovanfor Afdal. Familien sitt eige paradis. Men nett den dagen var det ikkje paradiset, men helvetet, som opna seg. Dei to småkarane dreiv ivrig på med å byggja seg ei demning. Utpå kanten av ein høg hammar fekk Erlend auga på noko fin mose som ville gjera seg i demninga. Han glei og gjekk hovudstups utfor 13-14 meter, dei fleste i fritt fall. Erlend vart liggjande med fjeset ned i vatnet, men broren kom til og fekk drege han opp att. Medan ein tremenning sprang til Afdal etter hjelp, bles Svein Ivar luft ned i lungene på broren heilt til helikopteret kom.

- Hadde det ikkje vore for luftambulansen, som vart stifta året før, hadde ikkje Erlend overlevd, seier foreldra stille.

Svein Ivar fekk Carnegie Heltefond sin medalje for den livreddande fyrstehjelpa han gav broren.

MOTELØVER: Ekte syttitalskostyme, og Jorunn og Svein i sine velmaktsdagar.

Endre fekk ein hjerneskade og mista språket. I dag er språket attende, og han jobbar i familieverksemda - med produksjon av kjøtvarer som trengst til restaurantdrifta.

- Men han fekk for lite fagleg hjelp etter ulukka, han vart understimulert. Det var heile tida ein kamp for å få hjelp, seier Jorunn.

ULUKKA snudde opp ned på livet for heile familien - for Jorunn og Svein, for syskena Emma-Kristin og Svein Ivar og for alle dei andre på garden. I lang tid handla alt om Erlend sin kamp for å overleva og om alt som skulle til for å hjelpa han attende til eit mest mogleg normalt liv.

Utan at dei kan forklara kvifor, utvikla både Jorunn og Svein alvorleg høgdeskrekk,

- Ein heilt idiotisk høgdeskrekk! Det var nok for meg å stå på ein stol, seier Svein.

- Eg kunne til dømes ikkje gå inn på eit kjøpesenter som hadde glasvegger inn mot trappesjaktene. Eg greidde ikkje å nærma meg, og eg var konstant livredd for at ein eller annan unge skulle koma for nær kanten, forklarar Jorunn.

Under mottoet «kjenn dine fiendar», tok Jorunn og Svein tak i den irrasjonelle angsten. Dei byrja å klatra i klatreveggen på jordbruksskulen, berre for å kjempa mot høgdeskrekken med blanke våpen. Så ei tid framover dreiv heile familien med klatring. Og det gav sakte, men sikkert resultat.

NYTT OG FLOTT: Jorunn og to av målarane kan konstatera at alt vert klart til opninga av ni nye og vakre romma på hotellet.

Å FÅ BUKT med høgdeskrekken var spesielt viktig for Svein, som alltid hadde likt seg høgt oppe i tretoppane.

- Som unge treivst eg betre med å vera i skogen og klatra i trea enn med det som skulle gjerast på garden.

Etter militærtenesta, gjekk Svein på Voss jordbruksskule. Deretter jobba han nokre år som avløysar på Bryn.

I 1978 bygde Jorunn og Svein hus på Store Ringheim, og same året tok dei til å selja grønsaker på torget, saman med naboen Arnfinn Trøen.

- Eg trur me skal ha noko av æra for å ha lært vossingane å eta kinakål og brokkoli, ler Svein.

Jordbær vart eit anna satsingsområde for det unge ekteparet. Framleis sel dei jordbær frå Ringheim, men dei er skeptiske på om jordbærplantane tåler denne vinteren med turrfrost.

Ein av planane for hotelldrifta er å dyrka meir av eigne grønsaker, urter og krydderplantar.

- Finst det ein pensjonert gartnar som kunne tenkja seg å ha ansvaret for noko slikt, er det berre å ta kontakt, seier Svein.

PÅ SLUTTEN AV 80-TALET overtok Svein og Jorunn Store Ringheim. Storfe, grønsaker og bær var det viktigaste driftsgrunnlaget, i tillegg til ressursane som fanst i skogen.

TIDLEG KRØKJAST: Toåringen Svein langar ut som best han kan og prøver å halda hendene på ryggen, slik pappa Ivar gjer det når karane er ute og inspiserer eigedomen.

Midt på 90-talet tok Svein til med trepleie, og då fekk han god bruk for klatrekunnskapane.

- Eg tok ei treårig online-utdanning i England, så eg har ein «liten» grad i faget. Det er ei utdanning som ikkje finst her i landet, seier Svein. Han er uteksaminert FdSci Arboriculture ved Myerscough College/UCLAN og vart den fyrste her til lands med høgare utdanning innan faget. I 2005 tok han òg eksamen som Utility Specialist - linerydde-spesialist. Det er ei sertifisering gjennom International Society of Arboriculture (ISA) og fortel at Svein har meir enn grunnleggjande kunnskap om linerydding og vegetasjonskontroll, og at han kan ha ansvar for å setja opp ryddeplanar, syklusar, metodeval og evaluering, med meir.

Svein var i fleire år dagleg leiar i firmaet Hogst og Rydding AS.

I dag har Svein gjeve opp den praktiske sida av trepleien. Det skuldast mellom anna at han måtte operera begge skuldrane, og at han fekk eit tre over nakken - noko som resulterte i seinskadar. I dag underviser han i trepleie. Tilbodet lugg inn under Fagskulane i Hordaland og er fysisk lagt til Hjeltnes i Ulvik.

MEIR TID: Tid til born og barneborn står høgt på Jorunn og Svein si ynskjeliste no. Då er stølen i Kronæ eit naturleg paradis å søkja til.

STORFEDRIFTA gav aldri Svein noko glede.

- Me hadde ni kyr, pluss kalvar og undyr. Men fjøsen var for liten og trong og drifta var tungvint.

I byrjinga av 2000-talet arbeidde Svein med linerydding i Bergen. Å skulla kombinera lange og tunge arbeidsdagar, og all reisinga, med florsstell, vart eit endelaust slit, og i november 2004 tok kyrne vegen til ein granne på Flatekvål.

- Det var gode kyr, men det vart for tungt å driva. Novemberdagen i 2004 står framleis føre meg som ein gledens dag, seier Svein.

LÆRINGSKURVEN som hotellvertskap vart bratt. Korkje Jorunn eller Svein hadde røynsle frå å driva restaurant og hotell, men dei delte interessa for mat, vin og gode opplevingar. Eit godt utgangspunkt.

Medlemskapen i De Historiske hotell & spisesteder har vore nyttig både som god pr, og fordi vertskapet på Store Ringheim har møtte andre i bransjen som har gjort akkurat same røynslene. Det er alltid godt å oppdaga at ein ikkje er åleine.

- Me har fått ein familie å venda oss til. Me har fått fantastisk mykje og god hjelp, seier Jorunn.


Også Innovasjon Norge har vore til uvurderleg hjelp.

- Er det ein statleg institusjon som har vore vellukka, må det vera dei, meiner Svein.

BÅDE JORUNN OG SVEIN er vane med, og likar, å arbeida lange dagar.

- Kvart ledig sekund skal brukast til noko nyttig, seier Jorunn med ein god porsjon sarkasme i røysta. Sjølv jobba ho på sjukehuset dei fyrste åra. Utdanna seg har ho særleg gjort i vaksen alder. I tillegg til vernepleiarstudiet, med ekstrautdanning, har ho også utdanna seg innan rettleiing - på Haraldsplass og i Budapest, og kunstnaren i henne har fått utløp gjennom faget Bilete og skulptur som ho tok på Bergen Lærerhøgskole. I tillegg budde ho seks månader i København, der ho tok noko som heiter Kreativitet, teater og sjølvutvikling.

Interessa for musikk, litteratur og kunst har dei begge. Men dagen krev dei, og arbeidsdagar på 10 og 12 timar reknar dei som korte.

- Eg kjenner det er litt trist at me jobbar så mykje at me ikkje har tid til å nyta det. Eg kjenner eg er vorten meir oppteken av å vera til stades i livet, vera til stades berre for min eigen del - for sjela og kroppen sitt velvære - men òg å vera til stades for borna og barneborna.


TILSTADES I NO'ET er heile familien så definitivt når dei får vera på stølen Kronæ. Det er friplassen der «berre bekken susar», og der dei verkeleg kan sleppa skuldrane ned og lata hovudet kvila. Her er dei fri frå all kvardagsstøyen.

- Me har ikkje brukt opp batteria på radioen på ti år, ler Svein. Sjølv elskar han å fiska etter auren, medan tankane får sviva fritt.

- Svein jaktar med fiskestonga, og eg jaktar med kamera, seier Jorunn, som har teke tallause foto av både folk og natur.

- Eg legg inn ein tur til Kronæ for nokre av gjestene våre. Det er to ting amerikanarane finn «amazing»: Det eine er stilla i naturen, det andre er den obligatoriske stoggen med drikking i bekken. Det kan dei aldri gjera i USA, seier dei.

MÅLET ER at det skal verta meir tid både til Kronæ og til å dyrka andre interesser framover. Drifta av Store Ringheim er no komen dit at Jorunn og Svein uansett ikkje kan driva åleine lenger. Jakta på dyktige og stabile medarbeidarar som deler visjonen deira er i gang. Visjonen om å driva med kvalitet i alle ledd, med kortreiste og sjølvplukka råvarer i restauranten, med den storslåtte naturen og med roa og freden som grunnleggjande for den gode opplevinga, og som er «sjølvgåande» i arbeidet og i stand til å administrerande ein veksande etterspurnad. Finn dei nokon slike, kan vertskapet på Store Ringheim konsentrera seg om sjølv å nyta det dei har skapt. Slik vert dei også endå betre i stand til å gje gjestene kjensla av å vera komne heim. Heim til Ringheim.