Den verkelege sommaren kom aldri i juni.
På Voss vart 23,6 grader toppnotering for månaden, og berre 13 av dagane hadde temperatur over 20 grader.
Også på nasjonalt plan var månaden laber. Totalt enda målestasjonane 1,2 grader under normalen, som gjer juni 2012 til den 25. kaldaste juni sidan år 1900.
Stasjonen Vossevangen ligg elles heilt på snittet, med 12,5 grader som snitt-temperatur, som er akkurat 1,2 grader under juni-normalen.
Når det gjeld nedbør, enda landet totalt på 105 prosent av normalen. Her er likevel store skilnader.
Vestlandet ligg i snitt på ca 50 prosent av normalen, stasjonen Vossevangen fekk med sine 37,7 millimeter 55 prosent. Mjølfjell, som fekk 42,5 mm, nådde berre 43 prosent av normalen.
Mest regna det i Vest-Agder, der stasjonen Konsmo – Høyland fekk 172,8 mm, som er 190 prosent av normalen.
Størst nedbør på eitt døger hadde likevel Fiskåbygd i Møre og Romsdal med 45,0 mm 4. juni. Største nedbør på Voss på eitt døger var til samanlikning 8,2 mm, målt 24. juni.
Temperaturlista for juni viser elles at Evanger er ein varmare stad enn «hovudstaden» Voss. Rett nok enda nabostasjonen også på 12,5 grader som snitt for juni, men toppnoteringa var 24,0 grader, som er 0,4 grader over Voss si bestenotering. Evanger hadde også 14 dagar med minst 20 grader som toppnotering, ein meir enn Voss. Stasjonen i Prestegardsmoen noterte faktisk også minusgrader. Natt til 2. juni kraup termometeret så vidt under null, og synte minus 0,6 grader.
Nasjonal toppnotering for juni månad fekk stasjonen Åfjord i Sør-Trøndelag. Fredag 22. juni viste termometeret der 25,2 grader på det meste. Kaldaste juni-måling stod Juvasshøe i Oppland for, med minus 10.1 grader 1. juni.
|
Stasjon |
max |
min |
mm |
|
Vos |
23,6 |
–0,6 |
37,7 |
|
Evanger |
24,0 |
0,4 |
48,8 |
|
Mjølfjell |
18,1 |
–3,1 |
42,5 |
|
Finse |
12,8 |
–8,0 |
47,6 |
|
Modalen |
22,5 |
–0,3 |
54,4 |