Regn og kulde set sitt preg på juli, men no lettar det framover, lovar metrologane.
Utanfor Park veltar turistane ut av bussane, litt hutrande og kalde. Ferie i Noreg er ikkje for pyser når sommarvarmen aldri kjem.
Carmen Gonealez-Herrara og Alvaro Peree-Somarriba frå Spania synes det er litt kaldt.
– Eg har fem lag med både ull og tjukk genser, dessuten har eg på meg Gore-Tex bukse, fortel Carmen.
Ho er frå Nord-Spania og seier at været er nesten det same der.
– Me og har mykje overskya vær og sommaren i år er forferdelig heime og. Men det er varmare der, seier Carmen. Dei er på cruise på Vestlandet og skal vere i Noreg i ei veke.
– Det er ein hektisk form for ferie. Me har ikkje mykje tid på kvar plass, seier Alvaro. Han er frå Madrid og der er det varmt.
– Det er veldig tørt og varmt der no, men det er fint dette og, seier Alvaro, som lurar på korleis det er på Voss når vinteren kjem.
– Det er sikkert kjempekaldt her då.
Paret skal vidare til Åndalsnes, før dei reiser sør til Stavanger og Kristiansand.
– Dagen i dag er grå, men morgondagen blir litt varmare, seier vakthavande metrolog, Kjersti Opstad Strand.
– Me har ein front som passerar oss no, og etter den blir det betre. På ettermiddagen onsdag kan ein venta seg stigande temperatur og litt sol og frå torsdag av blir det bra.
– Torsdag blir nok den varmaste dagen for Voss, der ein kan få temperaturar over 19 grader, seier Opstad Strand.
Etter torsdag vert det litt synkande temperatur att, og laurdag blir det grått.
– Men det blir nok ikkje så kaldt som det har vore, seier Opstad Strand.
– Det kan og bli litt skyfri himmel og det ser ganske greitt ut for Voss sin del, seier Opstad Strand.
Då er det berre å ta fram eingongsgrillen, bikinien og hive seg ut i vangsvatnet, så lenge sola varar.