annonse

5. plass til Sjur

SOLID
SOLID: Sjølv med startnummer 36 var Sjur imponerande raskt oppe i teten (Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix)

Sjur klatra til ein 5. plass på laurdagens 15 km i Quebec.

  • Ingerid Jordal

Verdscupen i langrenn vert avslutta med ein minitour i Canada. Difor går løparane alle distansar, også sprint, som vanlegvis ikkje er Sjur Røthe sin store styrke.

Sjur tok ein 46. plass på fredagens sprint, noko som gjorde at han starta ganske langt bak på laurdagens 15 kilometer klassisk.

Sjølv med startnummer 36 var Sjur imponerande raskt oppe i teten. Klisterføre og mykje staking passar vossingen utmerkt. Likevel vart tempoet for høgt i innspurten, og Sjur enda på ein 5. plass, medan spurtsterke Johannes Høstflot Klæbo tok sigeren.

Verdscupen vert avslutta med 15 km jaktstart sundag ettermiddag.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.