annonse

Amerikanske musklar på Vangen

FEKK PRIS
FEKK PRIS: Den finaste bilen på Vossatreffet var det Christian Skagen frå Sotra som eigde.

Sundag var det Vossatreff for amerikanske bilar i strålande solskin. Sjå biletserie!

Ingvild Siglen Berger

Utanfor Tinghuset sundag stod det bil på bil i flotte fargar, med glinsande lakk og spreke motorar. 58 bilar hadde funne vegen til Voss på dagstreff.

- Det har vorte eit årleg treff no. Dette er tredje gongen, fortel Kjetil Tveit i styret til AMCAR Voss.

Klubben held også vårmønstring nokre år, og reiser elles til andre klubbar som arrangerer mønstring.

Kjempepositivt. Tveit meiner oppmøtet sundag var veldig bra til å vera eit uformelt dagstreff.

- Kjekt at folk tek seg tid til å koma. I tillegg er me kjempeheldige med vêret, seier han.

Bilentusiasten fortel at det kjem bilar frå Sogn, Årdal, Hardanger, Bergen, Voss og fleire stader i distriktet.

- Og så er det masse folk herifrå innom. Kommunen er så snill og stiller plassen til disposisjon. Kjempepositivt, seier Tveit.

Finaste bilen. På treffet vart det også delt ut prisar, 1. til 3. plass for finaste bil, og ein publikumspris. Christian Skagen frå Sotra vann fyrstepremien for finaste bil.

- Det er ein Chrysler New Yorker frå 1960. Han har 350 hestekrefter, seier han.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.