annonse

Familiane kosa seg med påskeegg-jakt i skibakken

FAMILIEN FOLDNES I BAKKEN
FAMILIEN FOLDNES I BAKKEN: Fredrik med Max på ryggen (til v.), Mikkel, Alice og Ella.
FLINK PÅ SKI
FLINK PÅ SKI: Ella Foldnes (6) kosa seg i skibakken.
PÅ SLETTAFJELLET
PÅ SLETTAFJELLET: Mikkel Foldnes (4) leita etter påskeegg i Voss Resort.
SKIKLARE
SKIKLARE: Marianne Furdal (til v.) og Monica Kjørsvik hadde nett kome til Slettafjellet då Hordaland møtte dei torsdag føremiddag.
SAMAN
SAMAN: Freia (9) og Linas Midttveit (11) tok skiheisen saman.

Påskeegg-jakt i skianlegget var høgdepunktet for dei små som vitja Voss Resort skjærtorsdag.

Ingvild Siglen Berger

- Me leitar etter påskeegg, men har ikkje funne nokon endå!

Mikkel (4) og Ella (6) er saman med pappa Fredrik Foldnes, veslebror Max (1,5) og mamma Alice Foldnes på ski i Voss Resort skjærtorsdag. Der var det plassert ut fleire påskeegg rundt omkring som dei minste kunne leita etter.

- Me såg ei jenta som fann to egg rett føre oss!

Familien Foldnes kjem frå Sotra, men har hytta i Bavallen og då vert det naturleg nok nokre turar i skibakken i løpet av påsken.

- Det vert fort tre-fire timar om dagen inkludert pause. Me held oss i familiebakken, seier Fredrik Foldnes.

Må i bakken

I dag var det fine forhold i skianlegget, med natursnø øvst og litt slush-aktig kunstsnø nedst. Familien Foldnes var ikkje dei einaste som speida etter påskeegg.

- Eg lurer på om eg finn eit egg. Det hadde vore veldig gøy, seier Freia Midttveit (9).

Saman med syskena Linas (11) og Amelia (7), pluss resten av familien, kosa 9-åringen seg på Slettafjellet i dag. Det gjorde også Monica Kjørsvik og Marianne Furdal frå Bergen.

- Me må jo berre i bakken i påsken, det høyrer med! seier Kjørsvik.

God vêrmelding

Anna Bryn, dagleg leiar i Fjellheisane, ser lyst på dei gode vêrmeldingane for påskedagane framover.

- Det er meldt strålande sol resten av påsken, så me håpar på storinnrykk og god stemning i fjellet, seier ho.

Sjølv om det har vore mykje folk på ski, var tilhøva tysdag og onsdag ikkje hundre prosent optimale.

- Men så vart det kaldt om natta, og det gjer bakkane betre, seier ho.

Dei neste dagane vert det fleire arrangement og konkurransar i skianlegget.

- Ein sein påske vert aldri rekordpåske. Når det er grønt i dalen er det mange folk som legg skia på hylla, men det ser lovande ut for dagane framover. Ingenting er betre enn sol frå klår himmel, seier Bryn.

Klassisk påskeføre

I Myrkdalen har det også vore gode tilhøve skjærtorsdag.

- Forholda er bra, det er nok snø. Sjølvsagt litt blautt utpå ettermiddagen, det er ikkje til å komma unna. Klassisk påskeføre, seier Trygve Trondsen hjå Myrkdalen Fjellheiser AS.

Like etter klokka 14.00 torsdag nærma dei seg 3500 gjester denne dagen.

- Det er meldt kjempevêr i morgon, så det gler me oss til. Eg trur det vert mykje folk, avsluttar Trondsen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.