annonse

Fekk seg ei overrasking i gladkontrollen på Voss

:

- Hæ, er det ikkje skikkeleg kontroll? Onsdag vart fleire hundre bilistar stoppa i årets gladkontroll på Kvåle.

Ingvild Siglen Berger

Under kontrollen får dei brosjyrar, nøtter, batteri til røykvarslar, vatn og sjokolade, der føremålet er å gje dei reisande informasjon om tryggleik til dømes i påskefjellet, i bilen, på hytta og generelt.

- Og ynskja dei god påske, så klart! seier Elin Bye i Voss Røde Kors Hjelpekorps.

Stressar til fjells

Saman med mellom andre politiet, Voss brannvern, Voss Resort, Myrkdalen, ambulansetenesta og Norske Redningshunder er Røde Kors på plass på Kvåle onsdag ettermiddag, der dei deler ut noko å bita i og 500 posar med informasjon. Gladkontrollen er ein årleg aktivitet, som Bodil Reime Sørlie har stått i spissen for i fleire år.

- Målet er at dei reisande skal få ein liten pause på vegen. Folk stressar til fjells, men her må dei ta to minutt og får litt informasjon på vegen, fortel ho.

Vert overraska

Øygunn Elisabeth Hjelle er med på gladkontrollen for tredje gong, der ho gjer klar Twist-sjokolade i bøsser.

- Mange vert overraska når dei får sjokolade og ikkje «må» gje pengar, seier ho og ler.

Politiet vinkar inn bilane, medan tre-fire personar frå dei ulike organisasjonane står på kvar sin «stasjon» og deler ut informasjon. Oda Sørlie Lilletvedt (8) og grandtante Guri Reime er dei fyrste som stoggar i kontrollen.

- Me måtte berre stikka innom, me visste det var noko på gang her!

Fin start på ferien

Nina Bratli frå Bergen vert stogga på veg til Stuaset, der ho skal vera i påsken.

- Det går heilt fint med kontroll, eg plar alltid å reisa ut denne dagen og veit at det kjem, seier ho.

Også Ida Totland Wågheim og Toralf Wågheim vert stogga på veg til hytta. Dei reiser frå Bergen til Haugastøl med borna Herman (4) og Hanna (3).

- Dette er kjempekoseleg, ein veldig fin start på ferien, seier Totland Wågheim.

Stian Englaugstad har med seg Simen Englaugstad og Odd Steinar Englaugstad i bilen, på veg til Vik i Sogn. Sjåføren er noko overraska når det er hans tur i gladkontrollen.

- Er det ikkje skikkeleg kontroll, altså? Heilt greitt, seier han.

Gratis fyrstehjelpskurs

Etter påsken, den 20. april, skal Røde Kors i gang med eit stort, gratis fyrstehjelpskurs for nye som vil vera med i hjelpekorpset.

- Det er for frivillige som vil vera med i hjelpekorpset, og går over 11 gonger der me er ferdige 21. mai. Me håpar fleire vil vera med, seier Bye.

8. mai er den internasjonale Røde Kors-dagen, som skal markerast laurdag 6. mai med temaet «personleg beredskap». I dagane opp mot markeringa skal det mellom anna arrangerast 100 fyrstehjelpskurs over heile Hordaland, også på Voss.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.