annonse

Finne sint på dommarane

SKUFFA
SKUFFA: Klaus Finne kom ikkje til finalen i dag. (Foto: Arkiv)

Klaus Finne meiner dommarane svikta då han ikkje fekk finaleplass i Mönchengladbach fredag.

Ørjan Brattetveit

- For å vera heilt ærleg, så er eg misnøgd og forbanna på dommarane som ikkje klarar å gjera jobben sin. Eg gjorde ein bra konkurranse. Min beste så langt i sesongen, men med dårlegast plassering.

Vossingen hamna på 10. plass i si kvalifiseringsgruppe, og var langt unna dei fire plassane i gruppa som gav direkte finaleplass.

- Eg gjorde det same trikset på same måte som i fjor. Då låg eg ofte på 1. eller 2. etter kvalik. Kvifor det blir så dårleg betalt her og i Milano er ikkje godt å svara på. Dommarane er vel berre dritleie det trikset, sjølv om eg er einaste som gjer det i konkurranse, seier Finne. Han gjorde dobbelcork 1440.

No tek han ein konkurransepause fram til nyåret.

- Eg går i dekning. Eg må få skikk på sakene, trena godt og koma sterkt tilbake på nyåret, seier vossingen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.