annonse

Gamleordføraren klar for meir politikk

TRE TRAUSTE KARAR
TRE TRAUSTE KARAR: Bjørn Christensen (t.v.) er ikkje den einaste veteranen som stiller på Ap-lista for 2015-19. Klaus Skjeldal og Lars Mossefinn tek også peiling på fire nye år i kommunepolitikken. (Foto: Privat)
TOPPMANN PÅ NY
TOPPMANN PÅ NY: Hans-Erik Ringkjøb vart klappa inn som Voss Ap sin ordførarkandidat for 2015-2019. Ringkjøb er òg kumulert på vallista, akkurat som Bjørg Djukastein, Klaus Skjeldal og Marit Wæhle. (Foto: Privat)

I 2007 sa Bjørn Christensen takk for seg som vossaordførar. Ved dei to kommunevala sidan, har namnet hans vore heilt borte frå Ap-lista. Fram til no.

Rolf Tepstad

Namnet var heller ikkje på listeframlegget Hordaland fekk presentert sist veke, frå nominasjonsnemnda. Men då Voss Ap var samla måndag, for å spikra lista til kommunevalet 2015, vart gamleordføraren trylla fram for folket - som kanin or hatten.

Nr 45 på lista

- Me hadde arbeidd med saka ei stund, seier Hilde Magnusson i nominasjonsnemnda lurt.

- Men i helga kom Bjørn Christensen sitt endelege ja til å stilla som kandidat på ny. Dermed fekk han heidersplassen heilt nedst, som nr 45 på lista.

Dermed kan mannen som var ordførar på Voss frå 1999 til 2007 få seg endå ein fireårsperiode i vossapolitikken. For berre dei fire fyrste namna på lista er kumulerte, dei andre 41 stiller i prinsippet likt. Her er det ikkje innbyrdes rangering, men veljarane sine ekstrakryss som vert avgjerande.

Stadig motivert

- Trur du sjølv på nye år i kommunestyret?

- Heilt utelukka er det vel ikkje, seier Christensen i ein kommentar til Hordaland.

- Og i så fall er eg klar, og fullt motivert for ny innsats. Eg får det òg litt rolegare frå neste år, då eg etter åtte år ikkje lenger vert styremedlem i Antidoping Norge. Dermed får eg langt mindre reising, og vil kunna bruka tida mi til andre ting, seier den uvanleg aktive pensjonisten.

- Og i så måte ser eg mange spennande utfordringar i åra som kjem. Ikkje minst har eg lyst å ta del i utviklinga av Bømoen og utfordringane for jernbanen, seier Christensen, som ikkje synest hans 69 år bør vera noko hinder i så måte.

- Thorvald Stoltenberg gjer jo comeback i Oslo som godt over 80-åring. Så då vert eg berre småguten, humrar gamleordføraren, på karakteristisk manér.

Klappa inn lista

Nominasjonsmøtet måndag var elles ei fredeleg samkome, der alle dei 44 på førehand oppsette namna vart klappa inn, kan Magnusson fortelja. Og applausen for veteranen på 45.-plass var sjølvsagt ekstra hjarteleg.

- Møtet drøfta òg valprogrammet for 2015, der Vangen si framtid vil få spesiell fokus. Næringsutvikling og bustadbygging vert andre kjernesaker, kan Magnusson fortelja.

- Kva mål sette nominasjonsmøtet for kommunevalet 2015?

- I utgangspunktet er framgang ein klar målsetnad. Og så kan me jo håpa at stemningsbylgja som no rår, vil vara ved. Personleg meiner eg i alle fall me lyt ha målsetning om å krabba oppover frå dei 28 prosenta me fekk i 2011 til godt opp på 30-talet. Og no gler me oss alle til valkampen, seier ho.

Ap-lista, frå toppen:

1. Hans-Erik Ringkjøb (44), ordførar.

2. Bjørg Djukastein (51), rådgjevar.

3. Klaus Skjeldal (60), sorenskrivar.

4. Marit Wæhle (59), lærar.

5. Stein Helge Mandelid (51), lærar.

6. Karethe Lunde (47), hjelpepleiar.

7. Arne Toivo Fjose Sandberg (19), student.

8. Siv Anita Jønsson (44), butikkonsulent.

9. Thomas Trettenes (30), miljøterapeut.

10. Petra Støyva (59), booking/marknadssjef.

11. Erik Østlie (44), marknadssjef.

12. Mona Bystøl (36), barnevernspedagog.

13. Lars Mossefinn (60), adjunkt.

14. Torgunn Hegland (50).

15. Dusko Lukic (50), innkjøpar.

16. May Røssland (32), vernepleiar.

17. Egil Selvåg (47).

18. Linda Monsen Merkesdal (41), barnevernspedagog.

19. Lars Haukom (40), dagleg leiar.

20. Haldis Anita Rein Lid (45), psyk. sjukepleiar.

21. Anders K. Fenne (77), gardbrukar.

22. Tove Nordli Ødegård (69), pensjonist.

23. Helge Nævdal (53), faglærar.

24. Rannveig Dagestad (41), kost. ass. rektor.

25. Ørjan Myrmæl (45), konsulent.

26. Villa Drønen (48), teatermålar.

27. Kjell Erik Ruud (51), kurator.

28. Anne Lene Hagatun (28), butikkmedarbeidar.

29. Rune Rogde (36), økonom.

30. Line Beate Ødegård (45), dagleg leiar.

31. Magnus Fjæreide (56), PP-rådgjevar.

32. Danijela Komljenovic (39).

33. Kjell Hernes (61) elkraftoperatør.

34. Anne Karin Atterås (48), Voss kino.

35. Jan Georg Daae Hansen (59).

36. Julia Skjeldal (58).

37. Bjørn Sandnes (59), informasjonsansvarleg.

38. Gerd Mandelid (75), pensjonist.

39. Knut Opheim (49), lokførar.

40. Laila N. Vollan Mandelid (49), hjelpepleiar.

41. Einar Melve (53).

42. Krongkaew Khaomanit (42), reinhaldar.

43. Atle Bilsback (68).

44. Olaug Kyte (48).

45. Bjørn Christensen (69).

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.