annonse

Grunneigarane vil ikkje forhandla om ny gondolbane

- Oreigning er ein siste utveg som berre bør brukast i eit samfunn dersom viktig infrastruktur som vegar, sjukehus, millitære anlegg og liknande skal etablerast. Her snakkar me trass alt om ein gondolbane til rekreasjon og moro, seier Tor Nedrebø, ein av grunneigarane som ikkje ynskjer gondolar over eigedomen sin. 

ILLUSTRASJON
- Oreigning er ein siste utveg som berre bør brukast i eit samfunn dersom viktig infrastruktur som vegar, sjukehus, millitære anlegg og liknande skal etablerast. Her snakkar me trass alt om ein gondolbane til rekreasjon og moro, seier Tor Nedrebø, ein av grunneigarane som ikkje ynskjer gondolar over eigedomen sin. ILLUSTRASJON: VOSS RESORT

- Ein gondolbane for rekreasjon er ikkje god nok grunn til å oreigna andre sin eigedom eller rett, meiner Tor Nedrebø, grunneigar i Ullestadvegen.

Karl Ystanes Vidar Herre

Tor Nedrebø er ein av grunneigarane som no riskerer at Voss Gondol AS får gå til oreigning, eller ekspropriasjon, av grunn og rettar i samband med planane for ein ny Hangursbane.

Gondolselskapet, som er eigd av Voss Resort, har sendt slik søknad til Voss kommune etter at dei ikkje fekk avtalar om løysing med grunneigarar i området der banen skal gå.

Avviste forhandlingar

Grunneigarar som bur, eig eller har rettar i traseen for den nye banen, har avvist førespurnad om forhandling med gondolselskapet for å koma til det ein kallar «minnelege avtalar». Selskapet har difor søkt kommunen om å bruka politisk makt og oreigningslova for å koma vidare.

Det vil i praksis seia at kommunen kan bestemma at det er greitt at gondolprosjektet vert gjennomført, trass i protestane til ei rekkje grunneigarar og rettshavarar.

Gjev seg ikkje

Eit vedtak om oreigning vil likevel ikkje gjera at saka stoggar med det. Vegen vidare vil då vera at gondolbyggjarane må be domsmakta ta stilling til gyldigheita av vedtaket, og i tillegg avklara erstatninga til dei som får grunn og rettar oreigna.

Ein av dei er Tor Nedrebø. Han er med i ei arbeidsgruppe som grunneigarane har sett saman, som skal tala deira sak. Han seier til Hordaland at dei opplever det som dramatisk at det no har kome til spørsmål om oreigning, men at dei ikkje kjem til å leggja ned motstanden mot banen, om kommunepolitikarane skulle koma til at oreigning kan skje.

Måndag denne veka møtte dei advokaten sin, Endre Grande, som svara på spørsmål og orienterte dei om saksgangen vidare.

- No skal kommuneadministrasjonen og dei folkevalde politikarane handsama saka, og gjera vedtak. Eg meiner det bør sitja langt inne for fleire av dei folkevalde å gjera vedtak om oreigning i denne saka.

- Uaktuelt å forhandla

- Men har de ikkje forståing for at Voss treng ein ny gondolbane?

- Jau, me har då det, og me meiner den gamle traseen er meir enn godt nok eigna. Om han skal gå over hustaka våre, så er det alvorleg for oss. Eg meiner oreigning er ein siste utveg som berre bør brukast i eit samfunn dersom viktig infrastruktur som vegar, sjukehus, millitære anlegg og liknande skal etablerast. Her snakkar me trass alt om ein gondolbane til rekreasjon og moro. Han er ikkje så viktig at det er rett å redusera livskvaliteten til ei rekkje menneske, eller ta eigedom eller rett frå dei.

- Slik me forstår det, har ikkje Voss Gondol AS vorte samde med alle av grunneigarane etter forhandlingane, og må difor søkja oreigning om dei vil ha banen opp. Kva var grunnen til at dette forsøket stranda?

- Tidleg i denne saka avviste me invitasjonen til forhandlingsmøte. Det følte me at me måtte, då eit ja til forhandlingsmøte ville vera eit ja til bane. Dette handlar mest om at me meiner ein bane over taka våre er så stort inngrep at det er vanskeleg å godta det i det heile. Eg ville fått gondolvogner hengjande femten meter over huset mitt kvart einaste minutt. Is og snø kan falla ned over oss, det skiplar utsikta og det gjev støy og innsyn. Me er ikkje ute etter å krevja pengar som kompensering for slike ulemper. Det handlar ikkje om pengar. Me ber om forståing for at dette faktisk gjer mange av oss ottefulle i eigen heim, og det er med på å redusera livkvaliteten vår. For fleire vil dette faktisk vera så alvorleg at dei vil vurdera å flytta, noko som er urimeleg. Det er i alle fall slik at ein bør ha tenkt seg godt om i høve til lovverk og etikk før ein går til oreigning, seier Nedrebø.

Viser til reguleringsplanen

Administrerande direktør i Voss Resort, Øyvind Wæhle, seier til Hordaland at tilhøva som vert trekte fram som negative effektar av banen, alt har vore drøfta og svara på i den godkjende reguleringsplanen.

- Problemstillingane er som sagt tidlegare tekne opp og kommentert der. Eg ynskjer ikkje å drøfta dette nok ein gong, i avisa, men ventar at momenta kjem opp att i ei eventuell ekspropriasjonssak, og då er det naturleg å ta dei for seg i samband med erstatningsavklaringar, seier Wæhle.

Tor Nedrebø fortel at grunneigarane ikkje vil gje seg, sjølv om kommunen gjer vedtak om oreigning.

Fleire lover avgjer

- I høve til reguleringsplanen som er vedteken, så ser me at det kan gå mot oreigning, då planen faktisk opnar i klartekst for ein bane opp frå Voss sentrum. Men så må me hugsa på at samfunnet vert styrt etter fleire lover, og av desse finn me til dømes taubanelova. Om me les henne, så er det ikkje like rett fram enkelt å føra opp ein bane over område der folk alt bur, seier Nedrebø.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.