annonse

Har stogga fleire hundre sjåførar dei siste dagane

KONTROLL
KONTROLL: Det vert gjennomført fleire promillekontrollar i området desse påskedagane. ILLUSTRASJONS (Foto: Daniel Melve Kvarme)

Fleire hundre sjåførar har vorte stogga og har levert gode resultat under promillekontrollane i distriktet dei siste dagane.

Ingvild Siglen Berger

Langfredag morgon hadde politiet promillekontroll i Myrkdalsvegen i ein times tid. Der vart 46 sjåførar kontrollerte, med null reaksjonar som resultat.

Også skjærtorsdag var politiet ute, denne gong for å sjekka om sjåførane på veg opp til Bavallen haldt seg edruelege.

Null utslag

I løpet av eit par timar kontrollerte dei 130 bilistar, nok ein gong med null utslag.

- Ingenting er betre enn det, seier operasjonsleiar Terje Magnussen hjå Vest politidistrikt.

Dagen før, onsdag 12. april, vart heile 285 bilførarar kontrollerte i Strandavegen. Ingen blåste raudt.

Mistanke

Natt til langfredag klokka 01.30 vart likevel ein bil stogga av politiet i Nedkvitnesvegen på Skulestadmo etter mistanke om promillekøyring. Føraren skal ha vore ein mann i 20-åra.

- Han vart teken med for blodprøve og naudsynte tiltak vart sett i verk, seier Magnussen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.