annonse

Henta inn 59,8 mill skattekroner i mars

Kommunekassa drog inn heile 59.840.519 kroner i skatt i løpet av mars månad, som er vel 1,8 mill meir enn i tilsvarande månad i fjor. Summen var likevel drygt 1,1 mill under det som var venta for mars. Etter skatt godt over skjema både i januar og februar, ligg den samla skatten likevel godt over prognosane ved utgangen av fyrste kvartal. Totalt lyt Voss kommune dra inn 379,6 millionar skattekroner i løpet av året om budsjettet skal balansera, så langt er 111,4 millionar i boks. Summen er nær 363 tusen kroner betre enn skjemaet så langt i året.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.