annonse

Løyper og hytter klare i påskefjellet

LØYPER TIL PÅSKEN
LØYPER TIL PÅSKEN: Voss utferdslag har kvista turløyper mellom Upsete og Kaldavass, over Gråsida, og mellom Ljosandalen og Brandset før påsken. ILLUSTRASJONS (Foto: SVEINUNG KLYVE)
LANGE DAGAR
LANGE DAGAR: - Ein sein påske gjev lange, ljose og varme dagar, seier Toril Hunnålvatn, dagleg leiar i Voss utferdslag. ARKIV (Foto: VIDAR HERRE)
TORFINNSHEIM
TORFINNSHEIM: Voss utferdslag har klargjort seks hytter til påsken. Éi av dei er Torfinnsheim, langs den kvista ruta over Gråsida mellom Hodnaberg og Gjelle. ARKIV (Foto: GEIR GEITLE)

Meteorologane melder at sola kjem i påsken, og utferdslaget melder om at løypene er kvista og hyttene klare til å ta imot turglade folk.

- Ein sein påske gjev lange, ljose og varme dagar, minner Toril Hunnålvatn i Voss utferdslag om.

- Og livet i fjellet med late morgonar, kortspel, så masse sjokolade ein orkar, eld på peisen, nye fregner på nasen, kakao på termosen, matpakkepause i snøen, samvær med nye kjende, vener og familie er den beste energipåfyll ein kan få, meiner ho.

- For mange blir det ikkje skikkeleg påske utan ski på beina og appelsinpause i solveggen. Med sein påske er sjansen for varm solvegg og slushføre absolutt til stades. Frivillige og tilsette i DNT har jobba på spreng siste vekene for at du skal kunna få den perfekte påskeferien. Over heile landet står hytter og kvista løyper klare, melder ho.

Seks hytter i vossafjella

DNT har hytter for ein kvar smak. For dei som ynskjer sosialt fellesskap og for dei som søkjer ro og fred. På dei betjente hyttene får du oppvarting med lokal mat og god stemning, medan du på de ubetjente hyttene er din eigen herre.

Voss Utferdslag har klargjort seks av sine hytter. Dessutan har dei kvista løyper mellom Upsete og Kaldavass, over Gråsida, og mellom Ljosandalen og Brandset.

Pass på isen

Dei som planlegg tur i vossetraktene eller andre stader i Noreg vil finna gode hjelpemiddel for planlegginga på utferdslaget sine nettsider. Her er oversikt over alle kvista ruter, hytter, turar, og pakkeliste. I tillegg finn du vêr- og føremelding, skredvarsling og kart.

Føret er mjukt etter varme dagar og regn, og fjellet byr på mjuke svingar i slushsnø. Regulerte vatn, risiko for overvatn og varme dagar gjer det verdt å merka seg at ein må vurdera om isen er trygg på vatna rundt omkring.

Fjellvitdagen

Den Norske Turistforening (DNT) og Røde Kors gjekk i fjor saman om å gjera fyrste måndagen i påskeveka til Fjellvitdagen. Tips! Heng fjellvitreglane opp på veggen heime, på hytta, på utedoen!

Fjellvitreglane:

1. Planlegg turen og meld frå kvar du går

2. Tilpass turen etter evner og forhold

3. Ta omsyn til vèr- og skredvarsel

4. Ver førebuddd på uvèr og kulde, også på korte turar

5. Ta med nødvendig utstyr for å hjelpa deg sjølv og andre

6. Ta trygge vegval. Kjenn att skredfarleg terreng og usikker is

7. Bruk kart og kompass. Vit alltid kvar du er

8. Ved i tide, det er ikkje noko skam å snu

9. Spar på kreftene og søk ly om nødvendig

Visste du at:

. DNT har 540 hytter

. 41 prosent av påsketurane til nordmenn er hytteturar

. Utanlandske fjellturistar går gjerne i fjellet før påske, men i påskeveka er det nordmenn som går frå hytte til hytte.

. Dei siste åra er det fleire barnefamiliar på høgfjellet. Dei bur gjerne fast på ei hytte og går dagsturar derifrå.

. Om du startar turen i nord og går mot sør, får du sola i ansiktet heile turen. Ikkje gløym solkrem med høg faktor - også på overskya dagar.

. Fjellvitreglane vart introduserte for 50 år sidan etter ei rekkje ulukker i påsken. Dei er minst like viktige no som i 1967. I fjor vart reglane oppdaterte og tilpassa bruk av fjellet i vår tid.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.