annonse

- Me jobbar bra saman

DIALOG
DIALOG: Onsdag føremiddag møtte rektorane Camilla Fines Aronsen frå Voss ungdomsskule og Arnstein Ringheim frå Bulken skule kateket Rønnaug Eng og kyrkjelydspedagog Camilla Sønnesyn til dialog om samarbeid. Torsdag heldt dei fram med møta. (Foto: Vidar Herre)

Rektorane og kyrkja i nytt møte torsdag morgon. - Me jobbar ut ifrå noko som skal aemna alle elevane, seier Camilla Fines Aronsen.

Ingvild Siglen Berger

Torsdag morgon var rektorane Arnstein Ringheim frå Bulken skule og Camilla Fines Aronsen frå Voss ungdomsskule i nytt møte med kateket Rønnaug Eng Sjeldal og kyrkjelydspedagog Camilla Sønnesyn, for samtale om vidare samarbeid utanom skulegudsteneste til jol.

Dei møttest også i går, og etterpå gjekk rektorane direkte vidare i møte med heile rektorgruppa, før dei så eigentleg skulle tilbake i møte med kyrkja.

- Me valde å flytta det møtet til torsdag morgon. Heile rektorgruppa vart sitjande lenge i går, seier Fines Aronsen.

Vidare samarbeid

Ho fortel om eit godt møte på morgonkvisten i dag, som også varte lenge.

- Me jobbar bra saman, og me er inne i ein fin prosess med god dialog, seier Aronsen.

No fokuserer dei på å jobba med ulike modellar for vidare samarbeid.

- Med ulike typar samlingspunkt for alle elevar, som både skulen og kyrkja kan stå for. Me jobbar ut ifrå noko som skal famna alle elevane, fortel rektoren.

- Me har veldig god dialog, og eg trur me kan få til mykje bra saman, seier kateket Rønnaug Eng Sjeldal.

Jobbar grundig

Nett no ynskjer både rektorgruppa og kyrkja å venta med å seia noko konkret om planane, før dei er heilt bestemt.

- Me jobbar raskt no, men veldig grundig, og vil ikkje gå ut for tidleg med ting. Det vil verta fleire møte, seier Aronsen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse