annonse

Mia og Håvard fekk ikkje vera med på SFO-tur til Bergen

VART DISKRIMINERTE
VART DISKRIMINERTE: Mia Haukås og Håvard Gunnlaugsson fekk ikkje reisa til Bergen saman med resten av borna på Vangen SFO, og kommunen vedgår no at dei vart diskriminerte. Her Mia saman med foreldra Ana Paula Rodrigues Haukås og Bjørn Ove Haukås og Håvard med foreldra Trude Sygnestveit og Yngvar Gunnlagsson. (Foto: Rolf Tepstad)
FEKK IKKJE VITA OM TUREN
FEKK IKKJE VITA OM TUREN: - Eg fekk heilt tilfeldig vita om turen nokre veker etterpå, gjennom samtale med andre foreldre som hadde ungane sine på same skulefritidsordninga, seier Yngvar Gunnlaugsson, pappa til Håvard (10). (Foto: Rolf Tepstad)

Medan resten av SFO-gruppa reiste til Bergen på hyggjetur, måtte fem elevar med særlege behov vera attende på Voss.

Rolf Tepstad

Og endå verre; dei fekk ikkje ein gong vita at dei andre skulle til Bergen, der VilVite-senteret var målet.

- Inga melding i boka om turen, ingen lapp i sekken. Og heller ingen munnleg informasjon då eg henta dotter mi dagane før, seier Bjørn Ove Haukås.

- Og dette skjer i ein Zero-kommune, ein kommune som sjølv har kunngjort nulltoleranse mot mobbing!

Heilt tilfeldig

Hendinga skjedde i august 2016, ved SFO på Vangen skule, men er fyrst blitt kjent for allmenta no i ettertid.

- Eg fekk heilt tilfeldig vita om turen nokre veker etterpå, gjennom samtale med andre foreldre som hadde ungane sine på same skulefritidsordninga, seier Yngvar Gunnlaugsson, pappa til Håvard (10).

- Eg vart fyrst rasande, deretter motlaus og trist, seier han, framleis prega av hendinga. Familien Gunnlaugsson reiste formell klagesak overfor Voss kommune alt i september i fjor.

- Fekk ikkje sova

Familien Haukås, foreldra til Mia (9), fekk ikkje kjennskap til saka før mot slutten av november i fjor, får Hordaland vita.

- Heile natta etterpå låg eg vaken, utan å få sova, seier pappa Bjørn Ove. - Tankane kverna rundt det eg hadde fått vita. Tøft nok i vanleg kvardag å fylgja opp eit barn som har det mykje vanskelegare enn dei andre. Når ein i tillegg må oppleva at barnet vert utsett for diskriminering, er det vanskeleg å takla. Eg var heilt sett ut!

Ekstra ille synest både Haukås og Gunnlaugsson det er, når saka heller ikkje kan forklarast med ein glipp.

- For dette har skjedd med fullt overlegg. Og då lurer me sjølvsagt på kor mange andre opplevingar borna våre er blitt utestengde frå?

Vangen felles-SFO

Håvard er normalt elev på Palmafossen skule, medan Mia er heimehøyrande på Skulestad. Grunnen til at dei begge var på Vangen denne dagen i august, er at kommunen samlar SFO-borna her i feriar, når det ikkje er så mange som nyttar tilbodet.

- Er borna dykkar spesielt krevjande å ha med på tur, slik at dét kan vera ein del av bakgrunnen?

- Mia har ein kromosomfeil, prader-willi syndrom, og kan i blant bli sinna. Men det skjer veldig sjeldan. Hadde eg visst om turen, ville eg dermed kunna reist til Bergen og vore i bakhand dersom noko skulle skje. Men sidan eg aldri fekk informasjon om turen, fekk eg jo heller ikkje høve til å gjera det, seier Haukås.

- Håvard er rørslehemma, og avhengig av rullator, eventuelt rullestol på lengre avstandar. Den korte avstanden frå jernbanestasjonen og opp til VilVite-senteret ville likevel ikkje vore noko som helst problem ein fin sommardag, seier Gunnlaugsson.

Is på Minigolfen

Håvard har ikkje språk, pappa Yngvar har dermed ikkje klart å avdekkja i kva grad han opplevde diskrimineringa. Hjå familien Haukås er det annleis:

- Eg spurde Mia om ho visste kva som hadde skjedd denne dagen i august.

- Ja, svara ho. - Dei andre reiste med tog til Bergen.

- Men kva gjorde de då?

- Me var på minigolfen og åt is, svara ho, men gav klart uttrykk for at ho ikkje syntest dét var heilt greitt.

Dørstokk

I ettertid sjekka Gunnlaugsson opp kva som verkeleg skjedde, og fekk vita at dei fem elevane med særlege behov fyrst var ein tur bort på biblioteket, som dei òg hadde vore ei rekkje gonger tidlegare denne sommaren. På heimturen stogga dei på Minigolfen og fekk seg ein is. Dét var deira kosedag.

- Å ta saka vidare til avisa er ein gedigen dørstokk å gå over, seier Haukås, når Hordaland møter dei to fedrane for intervju om saka.

- Men me gjer det for å verna borna våre mot diskriminering i framtida, understrekar dei.

NFU tok saka

Foreldra klaga i desember 2016 saka inn for Voss kommune, via Norsk forbund for utviklingshemma (NFU).

- Me kontakta NFU, og det var deira lokallag her på Voss som tok saka vidare for oss, seier Haukås og Gunnlaugsson.

- Tormod Urheim frå lokallaget har ytt oss heilt uvurderleg hjelp, og kopla i tillegg NFU sentralt på saka. Utan deira juristar ville me neppe hatt krefter til å køyra saka, seier dei.

Ynskte tilsynssak

NFU tok også saka til Fylkesmannen, med ynskje om å få ei tilsynssak mot Voss kommune. NFU ville mellom anna vita korleis denne diskrimineringa kunne skje innanfor gjeldande rutinar, og ikkje minst: om tilsette i Voss kommune var blitt instruert om å tildekka diskriminering. Fylkesmannen opna likevel aldri noko tilsynssak. Ballen vart i staden spela attende til kommunen.

- Voss kommune er ansvarleg for at tenestene er drivne lovleg, og må derfor svara på kva rutinar kommunen har for å hindra diskriminering av elevar med funksjonshemming, lydde svaret.

Fylkesmannen bad likevel om kopi av alle svar Voss kommune sende attende til NFU Voss om saka.

Voss kommune vedgår diskriminering

Kommunalsjef Else Berit Kyte sende i januar 2017 ut brev til dei fem familiane som vart råka av diskrimineringa. Brevet er framleis stempla som ikkje offentleg i Voss kommune sin elektroniske postjournal.

I brevet opplyser kommunalsjefen at 21 elevar tok del på turen til Bergen, medan fem elevar «hadde alternativt opplegg på Voss».

- Dette var samstundes fyrste gongen dei andre tre foreldrepara fekk informasjon om saka frå kommunen, opplyser Bjørn Ove Haukås og Yngvar Gunnlaugsson til Hordaland. Kommunen vedgår òg at dei fem elevane vart utsette for diskriminering.

- Kommunen beklagar

- Foreldra til elevane som ikkje deltok på turen til VilVite, fekk ikkje informasjon om at dei andre elevane skulle på denne turen. Dette er i etterkant tolka som brot på opplæringslova og diskrimineringslova. Skulen ser at sak om deltaking på turen skulle vore drøfta med foreldra før ei avgjersle om kven som skulle vera med vart teken. Skulen beklagar dette, skriv Kyte.

- I Vossaskulane og dei kommunale fritidsordningane skal det psykososiale miljøet vera fritt for diskriminering og krenkjande åtferd, legg kommunalsjefen til, og vedgår deretter at kvar og ein av dei fem elevane vart utsette for diskriminering ved SFO-turen i august 2016. - Voss kommune beklagar dette, skriv Kyte, i eit brev som framleis er unnateke offentleg innsyn.

Har teke opp saka

Kommunalsjef Kyte understrekar deretter at alle skular og fritidsordningar skal arbeida aktivt og systematisk for å fremja eit godt psykososialt miljø.

- Kommunalsjefen har på leiarmøte for skuleleiarane 30.11.16 teke opp saka på generelt grunnlag og gått igjennom regelverket. Skuleleiarane har fått instruks om å ta saka opp på generelt grunnlag og gå igjennom lovverket på personalmøte innan 31.12.16.

- Aldri meir!

I eit anna svarbrev frå kommunalsjefen, til NFU Voss (også den unnateke offentleggjering) vert det elles understreka:

- Voss kommune har gjennomført fleire samtalar i samband med saka. Me kjenner ikkje til at tilsette skal ha blitt instruert om å tildekka diskriminering, skriv Else Berit Kyte. Utover dette ynskjer ikkje kommunalsjefen å kommentera saka i Hordaland.

- Bra at kommunen tek sjølvkritikk. Men på bakgrunn av innhaldet i saka, som også er brot på menneskerettane, ville det ikkje vore unaturleg med ei direkte beklaging til oss foreldre og borna våre frå kommunalsjefen, som ansvarshavande, seier Haukås og Gunnlaugsson.

- Uansett; det viktige heretter er at kommunen får opp eit utvitydig regelverk på feltet, slik at hendingar som dette aldri kan skje igjen!

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.