annonse

Minnemedalje til dei siste krigsheltane

Desse møtte opp til medaljeutdelinga på sundag. Frå venstre
Desse møtte opp til medaljeutdelinga på sundag. Frå venstre: Borghild J. Bolstad, Kolbein Tveite, Kjell Høyland (for far sin Harald Høyland), Sjur Småbrekke, Bjarne Johan Stavenes, Ivar Himle, Andreas Hårklau, Birger Dagestad, Anders Rode og Sigurd Byrkje sittande.
MEDALJE FOR INNSATSEN
MEDALJE FOR INNSATSEN: Borghild J. Bolstad har aldri korkje skrytt eller snakka særleg mykje om arbeide ho gjorde under krigen. - Det er ikkje så mykje å snakka om, meiner ho. I helga vart ho heidra med minnesmedalje frå regjeringa, i lag med 14 andre.
EINASTE KVINNE
EINASTE KVINNE: Delar av Heimefronten på Bolstad, med Borghild midt i gjengen som einaste kvinne. Ingjald Bolstad (bak frå v.), Johannes E. Bolstad, Anved L. Bolstad, Borghild J. Bolstad, Alv Vassenden, Harald M. Bolstad, Harald Fosse og Sverre Bjørgo. Hermann Forthun (framme frå v), Helge Horvik, Trygve Bjørgo og Knut Horvei. Foto frå Bolstadboka

I helga fekk dei attlevande frå Voss som gjorde ein innsats under krigen minne­medaljar frå regjeringa. Borghild J. Bolstad var einaste kvinne.

Sara Finne

- Eg har ikkje snakka mykje om kva som skjedde under krigen i løpet av livet. I grunnen så tykkjer eg ikkje at eg gjorde så mykje, seier Borghild J. Bolstad (94).

I HELGA VAR DET utdeling av minnemedaljar på Fleischer's Hotel, for dei frå Voss som gjorde ein innsats under krigen. Det er regjeringa som har vedteke å innføra medaljen, som skal verta overlevert gjennom lokale markeringar i regi av kommunane over heile landet gjennom jubileumsåret 2015. Medaljane vart delt ut av Voss kommune ved ordførar Hans-Erik Ringkjøb. 15 personar fekk medalje for å ha vore med i kampar, i Heimefronten, eller i organisasjonen XU. Voss kommune har funne fram til personane gjennom fotografi, lokalkunnskap og samtalar. Ni stykker møtte opp for å ta i mot medaljane. Resten kunne ikkje møta grunna helsemessige årsaker. Nokon har vorte heidra før, andre ikkje. Bolstad var einaste kvinne i forsamlinga, og ho har ikkje fått noko heider for arbeidet ho gjorde før no.

- Eg veit ikkje om det var andre kvinner som gjorde arbeid i Heimefronten slik som eg gjorde. Me skulle ikkje vita om kvarandre, og me fekk ikkje vita kven som var med i Heimefronten før krigen var slutt, seier Borghild.

DAGEN FOR UTDELINGA, 7. juni, var ikkje tilfeldig. Det fortalde ordførar Ringkjøb til forsamlinga under medaljeutdelinga.

- Dette er dagen for unionsoppløysinga med Sverige i 1905. Det er dagen då kongen rømde landet under 2. verdskrig i 1940, og det er dagen då kongen kom attende då krigen var over i 1945. Det er ein symboltung dag, seier Ringkjøb.

Ordføraren sa til dei frammøtte at dei var ei ære å vera i lag med dei på denne dagen, og få gje dei ein medalje for arbeidet dei gjorde.

- For me som har levd heile livet utan krig, er dei forteljingane og historiene som de ber på veldig viktige. Summen av alt arbeidet som vart gjort under krigen, vart til slutt fred. De som er her i dag tok ein stor risiko, for ein sak som de trudde på. Me har personar som dykk å takka for at me har levd utan krig i landet i 70 år, seier han.

BORGHILD VAR 20 ÅR då krigen braut ut, og ho vil ikkje snakka så mykje om korleis ho enda opp i Heimefronten. Ho arbeidde på butikken på Bolstad, og krigsåra sit framleis ferskt i minnet.

- Eg mista viktige år av ungdommen min på grunn av krigen. Du kan tru me feira då freden kom. Då var det fest og dans heile dagen, seier ho og smiler.

Oppgåva til Borghild var å oppbevara brev og illegale aviser for Heimefronten. Dei hadde ho i floren, godt gøymt inn i murveggen.

- Det var tyskarar på besøk nokre gonger for å sjekka huset, men eg var aldri uroa. Eg hadde gøymt dei godt. I tillegg hadde me ein radio ute bak løa som me hadde grava ned i ei grop, seier ho.

I TILLEGG TIL BREVA, hadde Borghild òg ansvaret for ein veldig viktig konvolutt. Inni den var det ein lapp med eit namn på. Om leiaren av Heimefronten på Bolstad vart arrestert, skulle ho opna konvolutten. Det sto namnet på den som skulle overta.

- Eg fekk aldri opna han, og eg fann heller aldri ut kva for eit namn det sto på lappen. Når krigen var over brann eg berre alt eg hadde, og så tenkte eg ikkje meir på det, seier ho.

Ho fortel at ho aldri var redd på grunn av arbeidet ho gjorde, sjølv om ho var ei ung jente den gongen.

- Det var vel derfor eg ikkje var redd, fordi eg var såpass ung. Eg hadde vel ikkje vit til å vera redd, seier ho og ler.

MINNA FRÅ KRIGEN har ho lagt bak seg, og det er ikkje så ofte ho tek dei fram. Sjølv om ho ikkje likar å snakka om det, tykkjer ho det er kjekt å få ei medalje for arbeidet ho gjorde for over 70 år sidan.

- Eg håpar berre at dei som lever i Noreg i dag slepp å oppleva krig slik som me gjorde, seier ho.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.