annonse

Mjølfjell Ungdomsherberge for sal

PRIS SJU MILLIONAR
PRIS SJU MILLIONAR: Mjølfjell ungdomsherberge er lagt ut for sal, inkludert eit nytt regulert hyttefelt på eigedomen. (Foto: GEIR GEITLE)

Det ærverdige Mjølfjell Ungdomsherberge er atter ute på salsmarknaden.

Rolf Tepstad

Eigedomen med eigen jernbanestasjon, 27 gjesterom, 112 sengeplassar og totalt 35 dekar tumleplass er prissett til 7,0 mill kr i utlysinga frå Proaktiv Eiedomsmekling, som mellom anna stod på trykk her i Hordaland rett før helga.

Visning 24. april

- Me skal ha visning sundag 24. april, og me har alt merka stor interesse frå publikum, seier ansvarleg meklar Baste Bolstad i Proaktiv på Voss.

- Det meste av bygningsmassen er reist i åra 1939-49, men her har vore fleire rundar med oppussing sidan.

Bolstad opplyser at drift av leirskule har vore ein berebjelke for eigedomen på Mjølfjell i seinare år, men at her òg er ein klausul om at det skal drivast vandrarheim på delar av eigedomen. Dette vil såleis vera ei forplikting også den nye eigaren lyt innfri.

Hyttefelt med

Seljar er selskapet Seacoast AS i Bergen, som òg kjøpte eigedomen frå Kåre Lie og Ruth Jørgensen i 2007.

- Kvifor vil de selja?

- Me vurderer sal no, om prisen vert rett, og om me finn ein ny eigar som vil driva vidare på ein måte me har tru på. Men me er ikkje der at me sel for ein kvar pris, seier Tormod Bo Fossmark, styreleiar og medeigar i Seacoast AS.

Han opplyser at Seacoast her også er eit nyss regulert hyttefelt på eigedomen. Hyttebygginga her er ikkje starta, men det ferdigregulerte feltet vil fylgja med på handelen.

- Seacoast har leigd bort drifta av staden like sidan me tok over eigedomen. Og kanskje held me fram med det, om me ikkje finn rette kjøparen, understrekar Fossmark.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.