annonse

Møbelhuset på Dalsleitet legg ned

SLUTTSAL
SLUTTSAL: Oddgeir Slettemark legg ned møbelbutikken på Dalsleitet.
USENTRALT
USENTRALT: Marknaden for møbelbutikken finst, men då må ein flytta nærare sentrum enn Dalsleitet, meiner Oddgeir Slettemark. (Foto: INGERID JORDAL)

At dei ligg litt for langt frå sentrum, og dermed går glipp av den impulsive småhandelen, er Oddgeir Slettemark si forklaring på kvifor Møbelhuset avviklar butikken.

Terje Hjartnes

For tida er det sluttsal på Møbelhuset Voss på Dalsleite.

- Me skal iallfall driva ut april, og så får me sjå om det også blir litt ut i mai. Det er mykje varer som skal ut, seier butikksjef Oddgeir Slettemark

Slettemark meiner det er marknad for ein møbelbutikk som hans på Voss, men at den må ligga nærare sentrum.

- Det er ikkje salet av dei større møblane det står på. Me manglar den impulsive småhandelen ein får av å få fleire folk inn i butikken.

Han har sett etter lokale nærare Vossevangen, utan å lukkast i jakten så langt. Han ser ikkje bort frå å halda fram butikken ein annan stad om det rette lokalet skulle dukka opp.

- Men det er ikkje så lett å finna stort nok lokale til møbelbutikk, seier Slettemark.

Til hausten ville butikken blitt 30 år gamal. Den vart i si tid starta av Terje Eide og faren Bernhard Eide. Oddgeir Slettemark kom inn på eigarsida på 90-talet, og overtok butikken heilt i 2004. Bygget er framleis eigd av Terje Eide.

Sjølv om han har eit langt yrkesliv bak seg i butikken på Dalsleite, tykkjer han ikkje det er trist å leggja ned.

- Nei, det kjennest bra når ein fyrst har bestemt seg for det. Det vart for stille her og for lite kundar, seier Slettemark, som fortel at butikken i det siste har sysselsett to personar.

No når det er sluttsal med store rabattar på varelageret, er butikken godt besøkt av kundar.

- No er det sånn som eg tenker skulle vore normalt besøk, seier Oddgeir Slettemark.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.