annonse

- No er det vår tur å få OL

MEIR OL-JUBEL?
MEIR OL-JUBEL?: Vossingane møtte mannjamt opp då Stig Hernes (t.v.) kunne ynskja Lars Bystøl velkomen heim som OL-meister i 2006. Kanskje kan det verta meir OL-jubel på Voss i framtida? (Foto: VIDAR HERRE)

- Vil eit samla idrettsliv stå bak ein OL-søknad, er mi meining at kommunen også kan stilla seg positiv til å gå vidare med saka.

Nils Kvamsdal

Ordførar Hans Erik Ringkjøb har ikkje hatt tid til å lesa den rykande ferske moglegstudien som er ei fyrste kartlegging av om Voss, Bergen og Stavanger skal gå saman om å søkja vinter-OL i 2026 eller -34, men han har likevel gjort seg nokre generelle tankar.

- Det er bra at Vestlandet er med i denne diskusjonen, ikkje minst i sett i ein distriktspolitisk samanheng. Det er nok etter kvart Vestlandet sin tur til å få eit slikt arrangement. Dessutan er det alltid interessant å få ei kartlegging av kva som finst av anlegg og infrastruktur og tilstanden desse er i. Men det er idretten samla som må seia ja til ein OL-søknad i fyrste omgang.

Mogleg

Mange tenkte nok på ein litt sein aprilspøk då nyhendet om rapporten etter moglestudien konsulentfirmaet Opus Bergen as har utarbeidd på oppdrag av Voss Idrottsråd vart sleppt torsdag. Men Bjørn Christensen, talsmann for gruppa som har jobba med saka det siste halvtanna året, er heilt alvorleg når han seier rapporten konkluderer med at ein OL-søknad er mogleg.

- Det er ein god kommentar frå ordføraren, for det er akkurat­ slik det er. No er det dei tre idrettsråda som må ta denne saka vidare, seier Christensen og gjer det til eit poeng at medan Lillehammer no og Oslo tidlegare har brukt store offentlege midlar på å utarbeida grunnlagsmateriale for det vidare arbeidet, har Voss gått i kompaniskap med det private næringslivet. Moglegstudien er det Voss Sparebank, Sparebanken Vest og Aurland Sparebank som har betalt for.

Har anlegg

For folk flest er det alltid interessant å få svar på kor store utbyggingar, og dermed kostnader, som må til for å i hamn eit slikt kjempearrangement. Rapporten konkluderer med at det trengst: åtte ishallar for konkurranse og trening, to hoppbakkar, alpinanlegg for alle øvingar, anlegg for snøbrett og fristil, bob- og akebane, langrennsstadion med tilhøyrande løyper, og skiskyttarstadion med løyper.

Voss har alt mykje av dette. Rapporten tek til orde for at ishallane og bob/akeanlegget bør leggjast til dei to byane Stavanger og Bergen. Voss er i den eineståande situasjonen at ein alt har fire delvis internasjonalt godkjende anlegg; Voss ski- og tursenter, Bavallen, Myrkdalen og Årmotslia.

I rapporten står det at det som vil kosta mest på Voss på anleggssida er å byggja ein ny storbakke til hopping, og å byggja­ ut normalbakken i Bavallen, pluss kostnadene med å byggja ein godkjend utfortrasé med minimum høgdeskilnad på åtte hundre meter.

- Utbygging av hoppbakkar i Bavallen har me ikkje teke stilling til enno, seier Christensen.

Infrastruktur

Eit anna svært interessant moment er kva ei brei samling bak ein OL-søknad vil kunna få å seia for oppstart og framdrift av ny E16 og jernbane Arna-Voss. Transportvegar og -kapasitet vil heilt avgjort vera eit springande punkt når IOC eventuelt skal gå i gang å sjå på ein vestlandsk OL-søknad. Likeeins over­nattingskapasiteten. Også her må nok Voss ta inn over seg at det er tale om store investeringar me snakkar om, både i Myrkdalen og nærare Vangen.

Vår tur

- Eg trur det er Vestlandet sin tur no. No har storsamfunnet stått bak store utbyggingar innanfor kultur og idrett både i Oslo, på Lillehammer og i Trondheim, men ikkje på Vestlandet, seier Christensen.

Ringreven som har ei fortid både som ordførar, styremedlem i Norges Idrettsforbund og som statssekretær i Kulturdepartementet då Lillehammer fremja sin OL-søknad, har ei god mage­kjensle.

Og han er positivt overraska over den mottakinga nyhendet har fått ute i folket.

- Eg var på radio fleire gonger i går, og var i direkte kontakt med lyttar både i Hordaland og Rogaland, og eg er overraska over kor positive folk er. I neste månad er me inviterte til Rogaland for å snakka om planane og leggja fram rapporten.

Nemnda som har jobba fram denne saka på vegne av Voss Idrottsråd har vore sett saman av Bjørn Christensen. Torgils Bryn. Nils Akselberg og Asle Bergstrøm, leiar i Voss Idrottsråd.

Ein lang veg

- Bakgrunnen for dette arbeidet er idrettsforbundet, som etter to mislukka prosessar i Tromsø og Oslo, utarbeidde ein rapport der dei slo fast at no måtte initiativet koma frå idretten sjølv. Derfor var det me sette i gang detter arbeidet, seier idrettsrådsleiar Bergstrøm. Prosessen må no gå vidare, fyrst via dei respektive idrettsråd, så eventuelt inn mot idrettsforbundet.

- Det er ein lang veg dit, meiner Bergstrøm. Han vonar likevel spørsmålet om OL-søknad vil verta eit element i den pågåande debatten om ny veg og bane mellom Arna og Voss.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.