annonse

Ny leiar i Myrkdalen Fjellandsby

NY LEIAR
NY LEIAR: Destinasjonsselskapet Myrkdalen Fjellandsby skal frå nyttår av leiast av Harald Haaland. ARKIV (Foto: DANIEL MELVE KVARME)
SJEF
SJEF: Harald Haaland kjem frå stilling som administrerande direktør i Fløybanen. (Foto: Myrkdalen Fjellandsby)

Harald Haaland tek over etter Nils Akselberg som dagleg leiar i Myrkdalen Fjellandsby AS.

  • Terje Hjartnes | Tekst

Haaland kjem frå stilling som administrerande direktør for Fløibanen i Bergen der han har jobba siste året. 40-åringen har også fleire års erfaring som sjef i Hi-Fi Klubben.

- Eg hadde definitivt ikkje planlagt å skifta beite allereie etter eitt år i Fløibanen. Men då leiarjobben i Myrkdalen Fjellandsby vart ledig, kjende eg at dette var ein jobb eg verkeleg har lyst på, seier Haaland i ei pressemelding frå Myrkdalen Fjellandsby.

Haaland vert med dette dagleg leiar i selskapet som jobbar med å utvikla Myrkdalen som reisedestinasjon. Han tek til i stillinga rett over nyttår.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.