annonse

Nye eigarar på ungdomsherberget

SKAL FORNYAST
SKAL FORNYAST: Dei nye eigarane har mange planar, og erkjenner at den tradisjonsrike overnattingsstaden treng oppgradering. ARKIV (Foto: GEIR GEITLE)

To kompisar som set pris på naturen har kjøpt Mjøfjell Ungdomsherberge. Ideane er mange, når staden no skal oppgraderast.

Sigrid Seim

Thomas Randgaard Larsen (38) og Christian Landrø (38) er dei nye eigarane, som reint formelt har overteke aksjane i eigarselskapet Seacoast AS. Frå i dag (1. november) er dei eigarar av vandrarheimen som med alle sine bygg utgjer rundt 3200 kvadrat­meter.

- Det er no me for alvor tek til å leggja planar, seier ein entusiastisk Thomas Randgaard Larsen. Han er økonom med jobb i Oslo, med bakgrunn frå energianalyse. Med på laget har han kokken Christian Landrø, som mellom anna har arbeidd ved Dalen Hotel i Telemark. Begge er glade i å vera ute, forsikrar Larsen.

Ideane myldrar

- Me ser for oss å driva «leirskule for vaksne», for folk som kan koma til Mjølfjell og ha det moro i den fantastiske naturen. Det kan vera ein ide-møteplass for bedrifter, og det skal framleis vera ein vandrarheim. Kanskje skaper me ein stad der folk kan sitja og arbeida, der dei får effekt­ av å utfordra seg sjølve, ved å setja seg i ein heilt ny situasjon­.

Thomas Randgaard Larsen lovar ikkje at dei får til alt dei har av idear, men meiner plassen­ er flott også for å byggja klatretilbod og zipline, mellom anna.

Dei nye eigarane ser på plassen som sentral mellom Oslo og Bergen, - med tilgang både frå jernbane, bilveg, og på Rallarvegen.

- Voss verkar også veldig ope og imøtekomande, på oss. Her er det lov å tenkja og drøyma. Og så er det den absolutte ekstremsporthovudstaden i verda!

Optimistar

Eigedommen treng oppgradering, og noko innvendig arbeid kan ta til om nokre veker.

- Me er optimistiske og spente, og trur me kan få til ting, seier Thomas Randgaard Larsen.

Både kjøparar og seljarar er nøgde med prisen for eigedommen. Kåre Lie har no for andre gong «selt» Mjølfjell Ungdomsherberge, etter at han og dei tre andre eigarane har selt sine aksjar i eigarselskapet Seacoast AS.

- Me har fått ein pris som me kan leva med og som me er nøgde med. Me har kome ut utan tap, men me har heller ikkje tent så mykje på eigedommen, seier han.

Kåre Lie er letta

I salsoppgåva var prisen sett til sju millionar kroner, og verdien av den handelen som er gjort ligg rundt der, meiner Kåre Lie. Han er klar på at dei nye eigarane må leggja ein god del pengar i eigedommen for å få standarden opp på eit rimeleg nivå.

- Eg er veldig letta. Me har fått folk med planar, visjonar og energi, til å overta. Det er mange som har eit nært tilhøve til ungdomsherberget på Mjølfjell, og eg har hatt mange telefonar med spørsmål om korleis det går med handelen. Sjølv har eg kjent eit visst ansvar, framleis.

Kåre Lie og Ruth Jørgensen selde ungdomsherberget i 2007 til Seacoast AS, der Kåre Lie no har hatt ti prosent av aksjane, gjennom selskapet Herberget AS.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.