annonse

Nye Voss stasjon i støypeskeia

Slik vil nye Voss stasjon kunna ta seg ut nokre år frå no. Stasjonsbrekka er borte, og erstatta av det nye terminalbygget, og bussane er flytte ned på gatenivå. Til høgre for den nye gondolbanen sin nedre stasjon ser me storhotellet som òg er i emning. ILLUSTRASJON
Slik vil nye Voss stasjon kunna ta seg ut nokre år frå no. Stasjonsbrekka er borte, og erstatta av det nye terminalbygget, og bussane er flytte ned på gatenivå. Til høgre for den nye gondolbanen sin nedre stasjon ser me storhotellet som òg er i emning. ILLUSTRASJON: Asplan Viak/Norconsult.

Opp­køyringa til Stasjonsbrekka forsvinn. I staden skal eit nytt terminalbygg fylla plassen. Landskapet rundt Voss Stasjon vil snart verta totalt forvandla.

Rolf Tepstad

Inngangen kjem på gatenivå, vis-a-vis kulturhuset.

- Me håpar å starta arbeidet i midten av april, seier Ståle Ottesen­ i Rom Eiendom, som er tiltakshavar for prosjektet.

Medspelarar i ombygginga er elles både Voss kommune, Horda­land fylkeskommune, NSB, Jernbaneverket og Statens vegvesen.

Direkte inn frå gata

Arbeidet som skal i gang over påske vil både skapa den nye Voss stasjon, ofte nemnd som Knutepunktet, og i tillegg omfatta grunnarbeidet for nedre stasjon til den påemna gondolbanen mot Hangurstoppen. Dermed er Voss Resort òg del av dette store samspelet.

Korleis nyanlegget vil ta seg ut, kan du studera av illustra­sjonane her på sida.

- I tillegg har me laga ei utstilling inne på venterommet i Voss stasjon som viser nyanlegget både i plansjar og som modell, seier Ottesen.

- Terminalbygget vil gje dei reisande høve til å vandra direkte frå gatenivå til kulverten som alt er etablert, og frå denne ha tilgang til heis opp til plattformniåvet. Inne i det nye terminalbygget skal det etablerast toalett, venterom og areal for oppbevaringsboksar, kan Ottesen fortelja.

- Målet er å ha denne biten av det nye Knutepunktet ferdig i løpet av året, legg han til.

Backe Bergen byggjer

Rom Eiendom har akkurat valt Backe Bergen AS som entreprenør for arbeidet, med ei totalramme på 46 mill kr.

- Av dette utgjer sjølve terminalbygget ca 20 mill kr, fundamentet for nedre stasjon ca 16 mill kr, medan dei siste ti går med til opparbeiding av innandørs fasilitetar for sykkelparkering, bagasjeoppbevaring, søppelrom og anna, kan Ottesen fortelja.

- Men då entreprisen vart noko dyrare enn me tenkte, lyt me ha godkjenning frå dei andre impliserte aktørane før byggjestart, understrekar Ottesen. Nokon eksakt startdato kan han difor ikkje gje, førebels.

- Men vonleg er me i gang i april, kanskje kring midten av månaden. Arbeidet på Voss stasjon skal uansett i gang rett over påske, og startar med rivinga av det gamle ekspressgodsbygget. Ein del kabelarbeid i grunnen her skal òg utførast. Men dette er ein heilt separat entreprise, i regi av Jordalen Entreprenør, understrekar Ottesen.

Ni oppstillingsplassar

Utviklinga av dette nye hjartet for reisande til og frå Voss skjer gjennom eit heller komplisert samarbeid mellom dei ulike partane.

Og når Rom Eiendom sitt prosjekt går mot slutten, håpar Statens vegvesen å kunna ta stafettpinnen direkte vidare.

I deira prosjekt inngår alt som har med bussterminal og tilknytte funksjonar å gjera. Ni oppstillingsplassar for bussar, mellom anna. Og ikkje minst skal me laga gode løysingar for alle som tek seg til knutepunktet på sykkel, seier seksjonsleiar Lars Øyre i Statens vegevesen.

- Vår utfordring er likevel at finansieringa ikkje er på plass, staten har så langt ikkje stilt til rådvelde midlane som trengst. Spørsmålet blir dermed om andre involverte partar kan forskottera dei manglande millionane, seier Øyre.

- Vårt prosjekt er kalkulert til 43 millionar kroner. Og det vert ikkje byggjestart før prosjektet er fullfinansiert, gjer han klart.

- Målet er likevel å starta bygginga­ no til hausten. Og at alt skal stå bruksklart innan jola 2017.

Over til Fengselstomta

I løpet av prosessen vil alle dei bortimot 100 parkerings­plassane oppe på nivået med jernbanen forsvinna. Kor raskt dette vil skje, er framleis uvisst.

- Dét heng saman med kva tid parkeringa på andre sida av jernbanen kan bli opna. Noverande framdriftsplan tilseier at ny parkeringsplass opnar i april, seier Ottesen.

- Og avtalen er vidare at dagens­ parkering ikkje vert stengd før ny er opna. Slik at samla tal parkeringsplassar på platået her oppe vert identisk, seier Ottesen til Hordaland.

Kva så med bussane sin situasjon under byggjeperioden, etter at noverande haldeplass er borte - og fram til den nye løysinga nede på gateplan er på plass?

- Her vil det verta etablert ei mellombels løysing på Fengselstomta, kan Ottesen fortelja.

Altså: provisorisk bussterminal på Fengselstomta det meste av 2017, om framdrifta går etter planen!

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse