annonse

Rådmannen visste kva konsulenten kosta

KONSULENT TIL 700.000
KONSULENT TIL 700.000: Voss kommune leigde inn konsulent på kulturhuset i tre månader, noko som kosta nesten 700.000. ARKIV (Foto: Ingerid Jordal)

- Her er noko som skurrar, sa Jorunn Ytrefjord (V) då saka om den innleigde kulturhus­konsulenten kom opp i formannskapet utanom saklista sist torsdag. Og det kan ho ha rett i.

Nils Kvamsdal

Saka kom opp på initiativ av Bjørg Djukastein (Ap). Ho ynskte seg svar på fleire spørsmål omkring bruken av konsulenten og kostnadene knytt til den. Laurdag 18. mars offentleggjorde Hordaland at konsulenten hadde kosta Voss kommune tett opp under 693.000 kroner for dryge tre og ein halv månads arbeid. Dette var to dagar etter at kommunestyret vedtok nytt delegasjonsreglement. I samband med diskusjonen kring det nye reglementet vart rådmannen beden om å halda kommune­styret løpande orientert om «aktuelle saker». Djukastein undra derfor på om rådmannen kjende til summen den 16. mars, og kvifor han i så fall ikkje hadde orientert kommunestyret i tråd med det nye delegasjonsreglementet.

Rådmannen var i beste fall nokså ullen i svaret då han sa at han visste «det kom ein førespurnad frå Hordaland om summen, og at denne vart send over til økonomiavdelinga».

Var kjend

Det kan ikkje herska nokon tvil om at summen var kjend for kommuneleiinga då kommunestyret handsama nytt delegasjonsreglement 16. mars. Torsdag 9. mars sende Hordaland e-post til rådmannen, der me bad om svar på to spørsmål: Kva kosta den innleigde konsulenten som fungerte fram til Thor Morten Trå overtok som nytilsett kulturhussjef, og kva konkret hadde konsulenten jobba med dei vekene han styrte kulturhuset?

15. mars, dagen før kommunestyremøtet, fekk me skriftleg svar frå rådmannen. Der står det «Du vil få svar på spm 1 fra økonomikonsulent Ksenia Perervus». Spørsmål to fekk me ikkje svar på, då «den løpande drifta innan den einskilde kommunalavdeling er normalt unnateke offentlegheit».

Summen fekk me, detaljert og oversiktleg frå økonomikonsulent Perervus klokka 09.50 den 15. mars, dagen før delegasjonsreglementet var oppe i kommunestyret, med kopi til rådmann, kommunalsjef for kultur og fritid og den nye kulturhussjefen.

Misvisande

Når det gjeld spørsmålet om kva som faktisk var kulturhuskonsulenten sitt oppdrag, letta rådmannen litt på sløret i formannskapet sist torsdag. Der sa han: «Voss kommune hadde tre varslingssaker i 2016 med utgangspunkt i det psykososiale arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. To av dei tre sakene gjaldt kulturhuset».

Faktum er at ingen av dei to sakene i utgangspunktet omhandla «det psykososiale arbeidsmiljøet på arbeidsplassen» kulturhuset. Utgangspunktet for den siste saka var tvert om eit varsel der konfliktlinene ikkje gjekk internt på kulturhuset, men mellom kulturhustilsette og kommunalsjefen. At både denne og den føregåande saka enda opp med å heller verta ei slags gransking av dei tilsette på kulturhuset er så si sak. Men i rapporten er det òg lite og inkje som vitnar om store interne arbeidsmiljøproblem på kulturhuset. Dette samsvarar med svara Hordaland har fått på spørsmål om dei som arbeider på kulturhuset opplever eller har opplevd at arbeidsmiljøet internt er eller har vore dårleg. Alle svara me har fått, og det omfattar dei aller fleste avdelingar og tilsette, går på det motsette. Ord som «tvert imot», «ikkje konfliktar», «godt arbeidsmiljø», «ingen samarbeidsproblem» og «triveleg arbeidsplass» vert brukte.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.