annonse

Ringde politiet om lause hundar på Mjølfjell

Måndag kveld fekk politiet på Voss telefon frå ein mann som kunne fortelja om fleire lause hundar i Mjølfjellsområdet. - Mannen var irritert over dette, og ville minna om bandtvangen, seier Robert Veseth i politiet på Voss. - Dette er noko som det er ekstra lurt å tenkja over no i påsken, legg han til.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.