annonse

Shades of Blues feirar 50

LEGENDARISKE
LEGENDARISKE: Det er 31 år mellom desse to bileta, men karane er dei same - i same rekkefylgje. Det store biletet er teke i 2001, i samband med Halldor Krogh (t.v.) sin 50-årsdag. Det vesle biletet syner ein litt meir langhåra gjeng i 1970, på toppen av Shades of Blues-æraen. Frå Halldor står vidare Asle Haaland, Styrk Opheim, Arne Akselberg og Ole Gjøstein. PRIVAT FOTO.
: shades of blues 1970

27. september er det duka for ein av dei største mimre­festane i rocken si mang­slungne soge på Voss.

Nils Kvamsdal

Dette er festen du ikkje vil gå glipp av. Ikkje berre skal Shades of Blues markera at det er 50 år sidan tenåringane Halldor Krogh, Arne Akselberg, Anders Pedersen og Arild Sandal starta opp bandet The Lonely Ones; nei, dei har like godt invitert med seg både forløparar og etterkomarar, så her vert det musikk og gode historier av og om musikarar som representerer dei siste seks tiåra - bortimot. Vossasalen vert kanskje i trongaste laget denne kvelden. Det same vert nok restauranten, der ein tre-rettar ventar for dei som vil gjera opplevinga komplett.

DET VAR EI NOKO UNDERLEG instrumentering i The Lonely Ones. Halldor Krogh, som er den einaste gjenverande av det opphavlege mannskapet, spelte sologitar då som no. Arne Akselberg, som var så ung at han ikkje fekk lov å spela på dans, tok seg av rytmegitaren, avdøde Anders Pedersen trakterte trommene, medan Arild Sandal spelte altsaksofon. To gitarar, trommer og sax!

- Eg trur me skal spara publikum for den opplevinga! svarar Halldor lattermildt på spørsmålet om dei har planar om å gje publikum smakebitar på lyd­biletet i det originale bandet.

Asle Haaland, orakel og levande oppslagsverk når det gjeld Shades of Blues-historia, seier at det ferske bandet fekk gnålt seg til ei speling og to på elevkveldar på realskulen, der ungdomsskulen i dag ligg, hausten 1965. Sjølv kom Asle med som vokalist hausten 1967 - nokre månader etter trommeslagar Ole Gjøstein. Styrk Opheim var då alt med på bassen, og med Arne Akselberg på tangentar, var det legendariske mannskapet på plass. Det same var banbnamnet.

- EG HUGSAR GODT den aller fyrste låten eg song med Shades of Blues, seier Asle. Som nykonfirmert, fekk han lov å gå på dans i Ungdomshallen, og der vart han ståande framfor scena og syngja med på songane til dei litt eldre heltane. Han kunne alle tekstane.

- Eg vart invitert opp og fekk syngja «Rented tuxedo», ein låt med svenske Hep Stars. Det var stort, seier Asle - som etter kvart fekk tilbod om å syngja fast med bandet. På den tida var han også vokalist i det noko obskure bandet Gloomy Corps, som han hugsar hadde speleoppdrag på ein ungdomsklubb oppe i andre høgda på Samvirkelaget.

SHADES hadde nokre korte og hektiske blømingsår. Vossingane vart etter kvart så etterspurde at dei mellom anna fekk vera oppvarmingsband for britiske Wishful Thinking på ein konsert i Øystese i 1970. Men berre to år etter, var det slutt. Både Arne og Asle drog til Oslo for å studera musikk, og det let seg vanskeleg kombinera med ein aktiv bandkarriere på og rundt Voss.

- Bandet vart offisielt nedlagt i 1972, seier Halldor. Han er den som har studert lengst og mest når det gjeld musikk. Halldor er ein mykje brukt og etterspurd komponist og arrangør, ikkje minst innan film og teater, han underviser ved Høgskolen på Lillehammer og vart tilsett som musikkprodusent i NRK i 1992. Arne Akselberg har gjort solid karriere som musikkprodusent for plateselskapet EMI, med legendariske Abbey Road Studios i London som base. Arne er mannen EMI brukar på dei verkeleg prestisjetunge innspelingane. Dei andre karane har andre yrke, men driv alle med musikk meir eller mindre på hobbybasis.

DET SKULLE EIT JUBILEUM til for å blåsa liv att i Shades of Blues. Bandet gjenoppstod i 1996, i samband med 25-årsjubileet for -71-russen som nokre av dei var ein del av. Det gav meirsmak, både for bandet og publikum, og utover mot tusenårsskiftet dukka dei stadig opp i ulike samanhengar. Rett nok utan Arne Akselberg, som selde orgelet sitt i 1977 og knapt har spelt sidan. Heller ikkje Ole Gjøstein var med i «nye» Shades. Steinar Røthe fekk trommejobben, medan Vigleik Kolltveit tok seg av tangentane. På festen i september er det Lars Hammersland som har tangentjobben.

På toppen av det heile, stiller Shades med ei kanon blåsarrekkje på festkvelden.

- Voss har produsert nokre gode saksofonistar, så får folk tenkja sjølv, seier Halldor - som òg lovar sterke trompetarar.

SHADOWSBANDET VAQUEROS er av endå eldre dato. Likevel stiller dei på festen 27. september med nesten originalt mannskap: Jan Skorve og Odd Kvarmestøl på gitarar, Åge Røthe på bass og Steinar Røthe på trommer, sistnemnde i staden for avdøde Arild Harberg. Av yngre dato er FSSK. Til gjengeld stiller kvartetten, der fyrstebokstaven i førenamna skapte bandnamnet, alle mann alle: Finn Danes, Steinar Røthe, Sigurd Fretheim og Kjell Fester. Fleirstemt song og tette, fine arrangement var kvartetten sitt varemerke.

For ein fest!

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.