annonse

Slik var skibygda Voss på 80-talet

Skiballett på Slettafjellet, neongule dressar og glade slalåmturistar utan hjelm. Sjekk ut denne reklamefilmen frå 1987!

  • Sara Finne

Videoen, som er laga av Ole Fretheim i 1987, visar eit glansbilete av skibygda Voss for akkurat 30 år sidan. I strålande påskesol ser me glade skituristar i knallgule skidressar som susar rundt i løypene i god 80-talsstil, solar seg på Slettafjellet, eller planlegg kveldens afterski på Rondo og Fleichers.

Reklamefilmen er laga for å lokka utanlandske skituristar til bygda, og her vert dei fortalt at «the skiing is just a little different in Voss». Voss er ein stad der ein kan stå på ski nærmare naturen enn nokon annan plass i verda, staden der skandinavane sjølv kjem for å stå på ski, rett og slett ein av skiverdas best bevarte hemmelegheiter!

Og kanskje er det ikkje så rart at turistane strøymde til bygda etter det fantastiske slagordet; «The Voss experience. One you won't soon forget!»

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.