annonse

Tjuvane flytta båten til Yngve tre kilometer

STOLEN OG FUNNEN ATT
STOLEN OG FUNNEN ATT: Her vart båten stolen, frå ein carport på Tvildemoen. Måndag kveld vart Dromedillen funne att på Bryn, berre nokre kilometer unna. (Foto: Karl Ystanes)

- Det er ikkje godt å seia kva dei skulle med den, seier Yngve Gjeraldstveit.

  • Sara Finne

Tysdag melde Hordaland om eit båttjuveri på Tvildemoen. Det var Yngve Gjeraldstveit som hadde fått båten sin, ein kvit Dromedille, fråstolen frå ein carport på natt til fredag.

No har båten til Yngve kome til rette att på Bryn, berre tre kilometer frå Tvildemoen der båten forsvann.

- Me fekk melding måndag kveld om at nokon hadde observert ein slik båt som sto parkert i ein garasje ved Biltema på Voss, seier Robert Veseth i politiet på Voss.

- Forstår ikkje kva dei skulle

Båteigar Gjeraldstveit kan ikkje heilt forstå kva tjuvane skulle med båten.

- Det var jo rart at han ikkje hadde kome lenger enn til Bryn. Men det kan jo tenkjast at dei skulle henta han att seinare, seier han.

No er uansett båten attende på Tvildemoen der han høyrer heime. Og snart skal han sjøsetjast i Vallavik der Gjeraldstveit har fått båtplass.

- No får me håpa at båten får stå i fred her. Kanskje eg må setja opp nokre kamera, seier han.

Politiet vil finna tjuvane

Sjølv om båten er funnen, seier Robert Veseth i politiet at dei framleis vil finna ut kven tjuvane er.

- Me ynskjer å finna ut kva dei skulle med den. Om nokon har sett ein bil som har køyrd med ein slik båt på hengjar dei siste dagane, ta kontakt, er Veseth si oppmoding.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.