annonse

UP tok 60 bilførarar under påskeutfarten

FEKK BØTER
FEKK BØTER: Heile 60 bilførarar vart tekne i laserkontroll onsdag. Biletet er frå ein annan kontroll. ILLUSTRASJONS (Foto: Tor Halvorsen)

60 vart teken i laserkontroll på E16 ved Haugsvik.

Ingvild Siglen Berger

Utrykkingspolitiet (UP) hadde fartskontroll under påskeutfarten onsdag føremiddag, og då stod to patruljar langs E16 ved Haugsvik.

Der fekk heile 60 personar forenkla førelegg for høg fart.

- Høgaste fart vart målt til 85 km/t, så denne personen unngjekk akkurat førarkortbeslag, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit hjå Vest politidistrikt.

Elles melder UP vest på Twitter at det totalt vart mål 171 fartsbrot her vest i går, der til saman 13 mista førarkortet.

- Ta det i alle fall roleg heim att, er oppfordringa frå UP.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.