annonse

Varslingsrapport avdekkjer store samarbeidsproblem

I KONFLIKT
I KONFLIKT: I fjor haust varsla verneombodet i Voss kulturhus om at tilsette i kulturhuset opplevde seg trakasserte av kommunalsjefen for kultur og fritid. Også leiarstilen generelt vart det retta krtikk mot, og ifylgje varselet manglar dei tilsette i kulturhuset tillit til kommunalsjefen og at ho skal vera i stand til å løysa opp i konfliktane. (Foto: Ingerid Jordal)
BRYT IKKJE LOVA
BRYT IKKJE LOVA: Rådmann Einar Hauge sluttar seg til rapporten frå advokat Harald Pedersen, der han konkluderer med at kommunalsjefen ikkje har brote arbeidsmiljølova, og at ho har handla innanfor styringsretten ho har som leiar. (Foto: Vidar Herre)
Varslingssaka

At kommunalsjefen for kultur og fritid i Voss kommune kalla kulturhustilsette Jonas Vedde Ødegård for Lars Mossefinn si «nikkedokke» i eit møte med andre leiarar, er ifylgje advokat Harald Pedersen ikkje brot på arbeidsmiljølova.

Nils Kvamsdal

16. september i fjor sende dei kulturhustilsette sitt verneombod Jon Arve Bjordal eit skriftleg varsel der det vart hevda at kommunalsjef Gunnhild Utkvitne trakasserte tilsette og dreiv leiing på utilbørleg vis. Varselet gjorde det også klart at dei tilsette på kulturhuset ikkje har tillit til Utkvitne som leiar, og at dei ser henne som ein viktig del av konflikten som har oppstått.

Mandatet

Varselet utløyste kommunen si undersøkingsplikt, slik dette er nedfelt i arbeidsmiljølova §2-1. Rådmann Einar Hauge henta inn ekstern ekspertise til å gjennomføra ei faktaundersøking i saka. Eksperten som vart innhenta var advokat Harald Pedersen. I rapporten som no er klar, konkluderer advokat Pedersen med at Gunnhild Utkvitne ikkje har gjort seg skuldig i brot på arbeidsmiljølova. Rådmann Hauge sluttar seg fullt ut til denne konklusjonen.

I mandatet til faktaundersøkinga står det: «Advokat Harald Pedersen påtar seg oppdraget med å undersøke forholdene som er frembrakt i varsel fremsatt av verneombud Jon Arve Bjordal om påståtte brudd på arbeidsmiljøloven fra kommunalsjef Gunnhild Utkvitne, samt på bakgrunn av fremsatt påstand fra Åse Marie Jordal og Anette Hansen om at Jonas Ødegård (en av de det varsles på vegne av) skal ha uttalt at han er ute etter å «ta» kommunalsjef Gunnhild Utkvitne».

Det siste punktet var ei utviding av mandatet, etter ynskje frå rådmann Hauge. Det vart raskt avklara at påstanden om Ødegård var ei mistyding, og Pedersen skriv i rapporten at «dette kom upresist til uttrykk i mandatet». Han tek derfor sjølvkritikk «i det jeg burde undersøkt den fremsatte påstanden i referatene nøyere før mandatet ble utformet. Dette er beklagelig».

Varselet

Verneombod Bjordal sitt varsel hadde ein generell del, og ein konkret del som gjaldt teknisk/marknadsansvarleg Jonas Vedde Ødegård og resepsjonist Anette Hansen.

Den generelle delen går på kommunalsjefen sin leiarstil, med manglande oppfylging av varsla kritikkverdige tilhøve, med kritikk og klager retta mot tilsette, med innføring av nye rutinar utan at dei tilsette vert tekne med på drøftingar i framkant, og fleire andre klagepunkt.

Konkret varsla Bjordal om at Anette Hansen fleire gonger vart skulda for økonomisk misleghald. Det handla om mangelfullt kinooppgjer. Skuldingane vart granska og synte seg ugrunna. Det same gjaldt skuldingar om å ikkje betala for kinobillettar til seg og familien. Også dette synte seg å vera grunnlause skuldingar. Hansen opplevde dessutan at ho fleire gonger vart utsett for harde skuldingar frå kommunalsjefen om måten ho utførte oppgåvene sine på. Dette kunne også vera oppgåver Hansen vart tildelt utan å ha kompetanse på feltet og utan å få det ho meinte var turvande opplæring.

For Jonas Vedde Ødegård handlar varselet om fleire konkrete saker. Det eine var då Utkvitne i eit leiarmøte skal ha kalla Vedde Ødegård for Lars Mossefinn si nikkedokke eller løparguten hans. Andre leiarar reagerte på dette og spurde i etterkant Vedde Ødegård kva dette var for noko. To av dei konkrete sakene omhandlar skuldingar om økonomisk utruskap. Eine skuldinga kom i etterkant av ølfestivalen som firmaet Ekta vossing AS arrangerte i kulturhuset i oktober 2015, der Vedde Ødegård vart skulda for å stikka pengar i eiga lomme. Den andre skuldinga gjaldt at Vedde Ødegård skulle ha leigt ut kommunalt utstyr og teke pengane sjølv. Utstyret det var snakk om var eit orgel som stod i Gamlekinoen og som høyrde til Vossa Jazz.

Bjordal varsla òg på vegne av Vedde Ødegård fordi han, utan at korkje han eller dåverande kulturhussjef Per Støyva var informert, mista tilgangen til Gamlekinoen - ved at nøkkelkortet hans vart blokkert. Gamlekinoen låg inn under Vedde Ødegård sitt arbeidsfelt, og ingen andre med tilgang til Gamlekinoen hadde på det tidspunktet fått nøkkelkorta sine blokkerte.

Undersøkinga

Om bakgrunnen for den påfylgjande faktaundersøkinga skriv advokat Pedersen mellom anna:

«Varslene går i korte trekk ut på: Konflikter som har pågått over tid på kulturhuset og som også er knyttet til kommunalsjef Gunnhild Utkvitne, noe som ikke ble fanget tilstrekkelig opp og tatt tak i i forbindelse med kartlegging av arbeidsmiljøet på kulturhuset med påfølgende faktaundersøkelse av forhold knyttet til daværende leder av kulturhuset, Per Støyva».

Når det gjeld Per Støyva, var Pedersen kommunen sin faktagranskar og i neste omgang advokaten som - ifylgje rådmann Einar Hauge - «gav kommunen råd» i saka mot Støyva. Ei ikkje offentleg sak, der Pedersen sitt oppdrag for Voss kommune vart avslutta 25. august 2016, ein knapp månad før han vart engasjert på ny - som faktagranskar.

Pedersen si undersøking er avgrensa mot det han definerer som «private forhold og eventuelle tidligere/andre konfliktsaker enn de som er trukket opp i klagen og som forøvrig går fram av mandatet».

Dei «private forholda» er heilt klart ein del av varslinga, men er i den offentleggjorde delen av Pedersen sin rapport fjerna.

Konklusjonen

Pedersen konkluderer i rapporten med at han har «kommet til at det ikke foreligger brudd på arbeidsmiljøloven i denne saken, og at arbeidsgivers aktivitetsplikt således ikke utløses». Han meiner at Gunnhild Utkvitne har handla innanfor hennar styringsrett og arbeidsmiljølova sine «bestemmelser om fullt forsvarlig arbeidsmiljø».

Pedersen understrekar vidare at arbeidstakarar som vert utsette for represaliar etter å ha delteke i kartleggingssamtalar og liknande «for å forbedre arbeidsmiljøet i denne typen undersøkelser», vil vera verna av arbeidsgjevar si omsorgsplikt, krava om fullt forsvarleg arbeidsmiljø og, føresett av at vilkåra er oppfylt, gjengjeldelsesvernet i arbeidsmiljølova. Vert nokon utsette for represaliar her, kan dette i seg sjølv «resultere i kontraktsrettslige reaksjoner».

Kritiske

Hansen og Vedde Ødegård sine organisasjonar, høvesvis Fagforbundet og Delta, er svært kritiske både til måten faktagranskinga er gjennomført på, konklusjonane i rapporten og til at kommunen nyttar advokat Pedersen som faktagranskar. Fagforbundet meiner til dømes at rapporten «er mangelfull på fleire måtar og kan ikkje leggjast til grunn for konklusjonar av rådmannen slik den no ligg føre». Dette grunngjev Fagforbundet mellom anna med at rapporten er ubalansert «med stor vektlegging på arbeidsgjevarrepresentantar sin informasjon». Forbundet set store spørjeteikn ved Pedersen sine konklusjonar og skriv at «inntrykket er at det menneskelege aspektet vert erstatta av juss». Fagforbundet krev at det vert utført ei ny vurdering av saka «der det vert engasjert ein instans som har fagleg innsikt i dei aktuelle lovområde og at det i tillegg vert sikra fagkompetanse innan psykososialt stress til vurdering av dette feltet spesielt». Forbundet tek også atterhald om å koma attende med tilleggsmerknader når juristen deira har vurdert saka endeleg.

Delta hevdar at advokat Pedersen ikkje kan sjåast som uavhengig i faktaundersøkinga. Dette grunngjev dei med at Pedersen «altså allerede hadde inngående kjennskap til partene og deres holdninger til hverandre» gjennom sitt nyss avslutta engasjement som kommunen sin advokat i saka mot Støyva. Delta finn det også «oppsiktsvekkende at advokat Pedersen, som skal opptre som uavhengig gransker i saken, går med på å granske Jonas Ødegård når det så tydelig går frem av referatene at han ikke har kommet med uttalelsen som skal danne grunnlaget for gransking av han». Delta viser til Advokatforeningen sine retningsliner for privat gransking når dei står fast på standpunktet om at Harald Pedersen ikkje kan oppfattast som uavhengig. Vidare meiner forbundet Pedersen sin metode for gransking ikkje på nokon måte varetek arbeidstakarane sin rettstrygg-leik. Delta-rådgjevar Camilla Nøttveit har sendt saka over til vidare vurdering hjå forbundet sine juristar i Oslo.

Rådmannen har gjort det klart at han ikkje ynskjer å kommentera saka, som han ser som endeleg og avslutta. Han seier seg samd i Pedersen sine konklusjonar og konkluderer også med at Pedersen var habil til å gjennomføra faktaundersøkinga.

Også verneombod Bjordal og Voss kommune sitt hovudverneombod Trude Kvarekvål Lydvo har ei rekkje kritiske merknader til både prosess og konklusjon. Hordaland kjem attende til desse i seinare saker.

Nøgd

Kommunalsjef Gunnhild Utkvitne er sjukmeld for tida. Ho har formidla til Hordaland at ho ikkje ynskjer å kommentera saka eller rapporten på annan måte enn gjennom merknadene ho sjølv hadde til rapporten, datert 13. januar 2017. Der skriv ho mellom anna:

«Rapporten frå Harald Pedersen konkluderer med at det ikkje er brot på AML, og at det difor ikkje vert utløyst aktivitetsplikt for arbeidsgjevar. Eg er glad for at det så klart kjem fram at eg har utøvd leiing, også når det ikkje har vore gjort av mine næraste medarbeidarar». Om vegen vidare, skriv ho: «Klargjering av mandat og rammer for å halda fram som leiar, samt støtte til å atterreisa tillit til kommunen sin leiarskap, kommunikasjon og gode arbeidsforhold for alle vert viktig å fokusera på i tida som kjem».

Utkvitne ynskte at rapporten ikkje skulle offentleggjerast, og ho ynskte heller ikkje at Hordaland skulle få innsyn i rapporten. «Innhaldet er ikkje av allmenn interesse utan at det er til skade for einskildpersonar», skriv ho.

Rådmann Einar Hauge valde å offentleggjera rapporten, utan anonymisering.

Advokaten: - Ingen bindingar

Advokat Harald Pedersen uttalar sjølv at han ikkje hadde nokon bindingar til involverte partar i samband med varslarsaka.

Her er det Pedersen sjølv skriv i sin kommentar til rapporten:

«Når det gjelder min rolle som faktaundersøker, er det påpekt og problematisert at jeg forut for faktaundersøkelsen opptrådde som advokat for Voss kommune i en sak knyttet til tidligere leder ved Kulturhuset. Jeg understreker i den sammenheng at jeg en stund etter at mitt advokatoppdrag for Voss kommune var avsluttet, fikk en henvendelse om å gjennomføre en faktaundersøkelse knyttet til varsel rettet mot kommunalsjef GU. Jeg hadde ved inngåelse av dette nye oppdraget verken pågåande oppdrag som advokat for Voss kommune eller bindinger til noen av personene i Voss kommune jeg var i kontakt med i den forbindelse eller i saken forøvrig. Jeg understreker i denne sammenheng også at jeg selvsagt vil gå inn i enhver faktundersøkelse uten å være forutinntatt og uten at jeg trekker noen konklusjoner i faktaundersøkelsens kartleggingsfase, så også i denne saken.»

Dette er ei vurdering rådmann Einar Hauge sluttar seg til i sin konklusjon:

«Advokat Pedersen opplever sjølv ikkje å ha bindingar til involverte partar, og har heller ikkje eige motiv i saka», skriv rådmannen i si grunngjeving for Voss kommune si avgjerd i saka.

I ein e-post til Hordaland svarar elles Harald Pedersen at han ikkje kan kommentera enkeltsaker han har vore involvert i.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.