annonse

Vil ha massivtre i skulen

INSPEKSJON
INSPEKSJON: Nyleg var representantar frå Voss vidaregåande skule avdeling byggfag på tur for å læra meir om bruken av massivtre. Målet er å få det inn i elevane sitt skuleopplegg. (Foto: Trond Remme)
TØMMER
TØMMER: Rundtømmer som dette vert ofte brukt i massivtre-produksjonar. (Foto: Trond Remme)

På byggfagavdelinga ved Nye Voss vgs. satsar dei for å læra meir om massivtre-teknologien. Byggmeister Møen & Saue er med på reisa.

Ingvild Siglen Berger

Trond Remme, internasjonal koordinator for konsortiet «Internasjonalisering på Vossaskulane», var saman med byggmeister Sveinung Riber hjå Møen & Saue, fagleiar for byggfag, Leif Johan Mandelid, avdelingsleiar for byggfag, Ivar Flatabø og den tyske byggmeisteren Harald Lange, på tur til Tyskland, Slovenia og Austerrike i førre veka for å planleggja framtidig praksis for byggfag­elevar på Vg2.

- Skulen ynskjer å læra nye metodar­ for å setja opp bygg. På lang sikt kan ein få elevar som har spisskompetanse på massivtre, noko som er på veg inn som byggjemetode i Noreg, seier Remme.

Ynskjer spesialkompetanse

Tanken bak planleggingsturen var å skaffa nye byggfagpartnarar som bruker byggjemetodar med massivtre, slik at både byggmeistrar og elevar kan læra om teknologien.

- Målet var å etablera kontakt med firma som produserer og set opp energivenlege bygningar i massivtre, fortel Remme.

Og det har dei gjort. På kort sikt er ynsket å få norske elevar utplasserte i slike bedrifter i Austerrike og Tyskland frå og med våren 2017. Det langsiktige målet er å få elevar med spesialkompetanse innan massivtre som kan arbeida vidare i Noreg.

Ny lærdom

- Me ynskjer å få elevane ut for å delta i den praktiske produksjonen og bruken av massivtre, seier byggmeister Sveinung Riber.

- Også for å forstå skilnadene på dei ulike massivtre-produkta og ikkje minst læra kva du kan nytte massivtre til, legg han til.

Kvart år vert det sendt ut om lag 40 elevar, frå ulike yrkesfag i konsortiet på Voss, til tre-fire vekers praksis i Europa. Slik tek dei med seg ny lærdom innan faga sine tilbake til Noreg.

Samstundes har det også vore utanlandske elevar ute på byggjeplassar på Voss, hjå mellom andre byggmeister Riber, gjennom utvekslingsprogrammet Erasmus+.

Med på utviklinga

Teknologien med massivtre vert rekna for å vera særs miljøvenleg. Massivtre-element er trematerialar i ulike dimensjonar, som vert lagt ved sida av kvarandre eller i kryss lagvis og så føya saman, noko materiale med limstoff, og noko utan. Massivtre utan limstoff brukt i bygningar gjer at bygga vert rekna som heilt «grøne».

- Dette er ein teknologi som er på frammarsj, og det er flott at vidaregåande skular på Voss og deira elevar er med på denne utviklinga, meiner Remme.

Det er også byggmeister Riber einig i. Han meiner me vil sjå eit taktskifte i Noreg i 2018, der massivtre vil bli framtida når det gjeld bygningsmassar.

- Og så er det kjekt at skular og næringa kan samarbeida om utviklinga, seier han.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse