1,6 millionar nordmenn oppgir i ei undersøking at dei skal ut og reisa i pinsen.

Fem prosent skal reisa til utlandet, medan 21 prosent skal på hyttetur, viser undersøkinga som Respons Analyse har gjennomført på vegner av Fremtind. I tillegg svarar 13 prosent at dei skal til ein annan stad enn hytta innanlands, medan 61 prosent blir heime i pinsen.

– Du kan venta kø og kaos på fredag, så har du moglegheit, bør du unngå å køyra denne ettermiddagen, seier skadeførebyggjar Therese Hofstad-Nielsen i Fremtind i ei pressemelding.

Tal frå bompengeselskapet Fremtind Service viser at E18 Telemark har 30 prosent meir trafikk på fredag før pinse enn etterfylgjande fredag, medan E6 nordover har 18 prosent meir trafikk.

Då skal det ikkje veldig mykje til før det kan bli kø. Undersøkinga viser også at me brukar tida i kø ulikt. 40 prosent svarer at dei et og drikk eller skiftar musikk, medan ein tredel av oss bruker køtida på å syngja.

– Men ikkje la deg riva med så du gløymer trafikken, hugs at ulukker også ofte skjer i kø, seier forsikringssjef Kjetil Nyborg i Sparebank 1 Austlandet.

(©NPK)