Fredag vart det registert 15 smitta, men laurdag berre éin. Sundag steig derimot talet igjen til elleve registerte smitta.

Trenden er stigande på Voss. Totalt er Voss no oppe i 359 smitta under pandemien. Helsestyresmaktene legg likevel ikkje så stor vekt på smittetala, det viktigaste er at folk ikkje vert alvorleg sjuke. 22 personar er innlagde på sjukehus med korona på sjukehusa som er tilknytt Voss.

Voss er oransje

Voss har no status som oransje kommune på VG sitt kart over kommunane, som går på tal registrerte smitta i høve til folketalet. Også Modalen er oransje, medan Ulvik og Vaksdal har lysegul status. Eidfjord er kvit. Voss sin nabokommune Kvam i Hardanger har raud status.

På landsbasis er 2576 nye koronasmitta registrert siste døgeret. Det er 855 fleire enn same dagen førre veke.

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 3510 koronasmitta per dag. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 2572, så trenden er stigande.

Fredag var 262 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var like mange som dagen før.

Fleire på intensivavdelingar

68 av pasientane ligg på intensivavdelingar, og mellom dei er 45 på respirator. Det er fire fleire på intensiv og seks fleire på respirator samanlikna med dagen før, ifylgje oversikta til Helsedirektoratet.

Til saman er 1093 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebels tal. Om pasientane har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast.

59,7 prosent av alle døde har fylt 80 år. I aldersgruppa under 50 år er det meldt om 23 dødsfall i Noreg.

(©NPK)