(BA/Hordaland) Klokka 12.52 fredag 13. januar vart naudetatane varsla om ei speedgliderulukke i Loen i Stryn.
Alle naudetatar rykte ut, i tillegg til redningshelikopter. Ein mann vart lokalisert i vanskeleg terreng på kring 650 meters høgde. Speedglideren vart henta ut av terrenget av redningshelikopter. Han vart seinare stadfesta omkomen av legen i redningshelikopteret.
I ei pressemelding fredag kveld skriv politiet at den omkomne er 35 år gamle Arne-Christian Eide frå Alver kommune.
Politiet går ut med informasjonen i samråd med dei pårørande, og etter deira ynske.
– Tragisk
Eide var medlem i luftsportsklubbar både i Bergen og på Voss.
Morten Knapstad, dagleg leiar i Voss Hang- og Paragliderklubb, seier til Hordaland det var triste nyhende å få.
– Han har vore ein sentral del av klubben ei god stund. Han er ein kjend person for dei fleste i miljøet.
Knapstad skildrar Eide som ein dyktig instruktør og pilot.
– Han var også greinansvarleg for speedflying i Veko, og har gjort og bidrege mykje. Han var alltid positiv, og i godt humør. Han hadde ein lun og god humor og la ned mykje innsats i klubben.
Han seier at dette er eit relativt lite miljø, der dei fleste kjenner kvarandre.
– Det er tragisk.
– Eit stort førebilete
– Det var med stor sorg eg fekk høyra at han var omkome, seier leiar i Bergen hanggliding- og paraglidingklubb Terje Hopen til BA.
Han kjente Eide godt gjennom klubben, der 35-åringen tidlegare sat i styret.
– Arne-Christian var ein erfaren og dyktig pilot og instruktør. Han var eit stort førebilete for mange i klubben, og ein god bidragsytar. Dette er eit stort tap for klubben og speedglidermiljøet, seier Hopen, og legg til:
– Våre tankar går til alle som stod han nær.
– Spinn på skjermen
Eide hadde bakgrunn som BMX-syklist, og var aktiv i Ekstremsportveka på Voss. I 2021 fortalde han om sin kjærleik til speedgliding til Avisa Nordhordland.
Operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt fortel at det var fleire andre til stades då ulukka hende.
– Då han ikkje landa på den avtalte staden, varsla dei politiet, fortel han til BA.
Politiet opplyser til NRK at vitne observerte at mannen hadde ein vanskeleg «takeoff».
– Personen fekk spinn på skjermen, og så forsvann han ut av syne, seier dagleg leiar for Loen Skylift Richard Grov, som raskt fekk vita om ulukka, til NRK.
Årsaka til ulukka er ukjend, og saka vil etterforskast av det lokale politiet for å forsøka og klarleggja dette.
Kommunen sitt kriseteam er kopla på for å hjelpe dei som var til stades.
– Heilt tragisk
Fagsjef for hang- og paragliding i Norges Luftsportforbund, Trond Nilsen, kjende sjølv Eide gjennom luftsportsmiljøet.
– Eg er ansvarleg for alle medlemene våre, og det går alltid sterkt inn på meg når slikt skjer, uansett kven det er. Men det er klart at det kjem nærare når det er menneske ein har møtt mange gonger, seier Nilsen til BA.
Han opplyser at luftsportsforbundet har vore skåna for fatale ulukker i to og eit halvt år.
– Me hadde håpa at det skulle vara lengre. All luftsport er forbunde med ein viss risiko, som ein gjer sitt beste for å halda så lågt som mogleg. Dei fleste av oss synest at gevinsten opphevar risikoen, seier Nilsen, og held fram:
– Det er mogleg å gjera dette trygt. Me har utøvarar som har heldt på i over 40 år. Men når noko slikt som dette skjer, så er det berre heilt tragisk.