Nordmenn flest meiner dei negative konsekvensane av klimaendringane ligg fram i tid eller aldri kjem til å kome. Det viser tal frå årets individundersøking i Norsk klimamonitor, ifylgje NRK.

På spørsmålet «Når trur du at Noreg for alvor kjem til å merke negative konsekvensar av klimaendringar (meir regn, tørka, storm, skred, flaum og stormflod)?» svarte 44 prosent av dei 1.954 spurde personane at me merker konsekvensane no.

Merkast no

Forskar ved Vestlandsforsking, Torbjørn Selseng har jobba med datainnsamlinga og er ikkje overraska over tala. Tidlegare studiar har vist at kvar fjerde nordmann ikkje trur på at menneskeleg aktivitet påverkar klimaendringar.

Selseng er likevel nøgd med at den nye studien viser at berre 8 prosent trur me aldri vil merke dei negative konsekvensane av klimaendringar.

Statsråden møtte flaumråka på Evanger: – Det gjer sterkt inntrykk å møta folket

Konserndirektør for klima og miljø i forskingsinstitusjonen NORCE, Trond Martin Dokken er tydeleg på at klimaendringane merkast alt no. Han viser mellom anna til storflaumen på Voss i haust, at slike flaumar kjem oftare, at snøgrensa trekkjer seg oppover og at det blir mindre is rundt Svalbard.

– Alle rapportar og all forsking tilseier at årsaka til oppvarminga globalt, regionalt og lokalt er knytt til høgare konsentrasjonar av CO₂ i atmosfæren, seier Dokken til NRK.

Partiskiljer

Over 90 prosent av dei som stemmer SV og MDG svarte at dei trur dei merker konsekvensar av klimaendringar no eller innan dei neste ti åra. Blant Frp-veljarane trur berre ein tredjedel det same. 27 prosent trur klimaendringar aldri vil kome.

– Det er viktig for oss som tek avgjerder å vera informerte om kva befolkninga tenkjer for å kunne treffa riktig i utforming av politikken, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) i NRK-saka.

Barth Eide trur årsaka til at færre nordmenn seier dei opplever klimaendringar her og no kan vera at Noreg så langt har blitt skåna for dei verste klimahendingane.

(©NPK)

Står klar til å heva banane og gjera dei flaumsikre – kostar 6–8 millionar: – Treng rask avgjersle