Det vart slikt vêr som meteorologane varsla før helga, ei kald men strålande helg med sol fredag, laurdag og sundag.

Det var mykje trafikk heile helga, og for skianlegga i området vårt vart det ei av dei beste helgene i sesongen.

– For oss har det definitivt vore den beste helga så langt i sesongen, og så langt me kan hugsa, seier Anna Bryn, dagleg leiar i Voss Resort Fjellheisar.

Tala måndag føremiddag viser at så mange som 8500 gjesta anlegget fredag, laurdag og sundag.

Det vart også feira 75-årsjubileum på Hangurstoppen.

Sjå også:

Bildeserie

Sjå kven som feira Bavallen sitt 75-årsjubileum

God flyt i anlegga

Ifylgje Bryn var det god fordeling av gjestene på dei forskjellige dagane.

– Den nye Tråstølheisen har verkeleg vore ein stor suksess. I tillegg var det perfekte forhold, skryt ho.

I Myrkdalen opplevde dei mykje det same som i resorten.

– Det har vore ei kjempeflott helg med glimrande føre. Når det er så kaldt som det har vore no, så held løypene seg fine gjennom heile dagen. Verkeleg kjekt, seier John Ivar Norheim, avdelingsleiar i Myrkdalen Fjellheisar.

Det var mellom 5000 og 6000 gjester innom skitrekket i fjellandsbyen.

– Me opplevde også god spreiing i anlegget. Med så kalde temperaturar, så er det ikkje alle som er klare klokka 09:30. Då får me ei god fordeling av gjestene og plass til alle gjennom dagen, forklarar Norheim.

Les også

Eventyrleg stemning i Herresåsen: – Me er ute på ekspedisjon

I Ulvik vart det tradisjonsrike arrangementet Ulvikasprint arrangert. Sjå video her:

Sidan 2006 har Ulvik IL invitert til Ulvikasprint på Drevtjørn.