Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Torsdag 8. desember vedtok venstresida å avvikla fritt behandlingsval. Dette er eit hån mot norske pasientar!
Kvifor skal venstresida kvitta seg med ein ordning som fungerer? Pasientar har fått valt kvar dei ynskjer å ta i mot behandling, om dei vil velja mellom det offentlege eller private.
Denne ordninga har gitt menneske større valfridom og tryggleik. Regjeringa vel no å kvitta seg med denne ordninga, og set liv og helse på spel. Ifylgje helsedirektoratet var det om lag 17.800 som nytta seg av denne ordninga. Kvifor skal regjeringa kvitta seg med eit tilbod som fungerer?
Regjeringa seier gong på gong at det private øydelegg for det offentlege, det er ikkje realiteten.
Private aktørar gir høgare effektivitet, større fleksibilitet, og eit større mangfald! Å kunna velja mellom privat og offentleg gir menneske ein stor valfridom og tryggleik.
Å fjerna fritt behandlingsval er farleg, og kan i verste fall vera livstrugande. Dei siste ventetidstala visar at i psykisk helsevern for barn og unge er ventetida 57,8 dagar, og innan rusbehandling er det 33,5 dagar. Desse ventetidene ser me aukar.
Liv og helse setjast på spel fordi venstresida ikkje likar det private. Eg meiner kvart menneske, kvar familie skal ha moglegheita til å velja sjølv mellom offentleg eller privat, om dei vert sjuke. Det handlar om å berga mest liv! Det tenkjer ikkje venstresida på.

«Då helseministeren jubla for nedlegginga av fritt behandlingsval, blei eg kvalm, sint, lei meg og oppgitt»
