Dagens Vekohove er ei spalte som går kvar dag under Ekstremsportveko. Her vert du betre kjent med folk på Veko.

Anette kjem frå Os, men har tatt seg ein tur til Voss for å vera med på Ekstremsportveko.

– Kva gjer du på Veko i år?

– Eg driv litt på med speedgliding, så eg var nettopp med på swooping/precision-landing. På tysdag flaug eg i Aurland.

Swooping/precision-landing er ein konkurranse der ein skal landa på ein flåte på Vangsvatnet med ein speedflyer. Og sjølvsagt er det ekstrapoeng for stil og underhalding.

Anette fortel at ho var litt nervøs før ho hoppa, men at nervøsiteten forsvann då ho var i lufta.

– Det var rett og slett veldig kjekt, seier ho smilande, og legg til.

– Eg feilberekna litt, og landa i vatnet, men det var berre herleg med eit bad i varmen.

– Kva forhold har du til Veko?

– Eg har vore her fleire år etter at eg byrja med speedgliding i 2019. Det er alltid god stemning her, og det er veldig kjekt å verta kjent med folk som driv med andre ekstremsportar.

– Er det noko nytt du har prøvd på Veko i år?

– Det var fyrste gong eg meldte meg på swooping/precision-landing, men elles er det det same gamle. Eg har vore i teltet på kveldande, og på konsertar.

– Kva er høgdepunktet med Veko for deg?

– Eg flyr ikkje så mykje heime på Os, så det å fly er alltid noko eg gler meg til. Elles er det jo alle dei nye folka ein vert kjent med, og dei ein møter att.

Anette fortel vidare at det også er kjekt å besøkja veninna Helene, som byrja med speedgliding eitt år før ho.

No har veninna busett seg på Voss.

– Ja, no har eg fått meg eit gjesterom å bu på, seier Anette smilande.

Les også

Vekohove i to generasjonar

¨

Les også

Hege (44) har 500 basehopp. – Eg var redd i ti år