Operasjon Fiber

Her heng Voss sitt internett i ein tynn tråd, eller rettare sagt i fingrane til Magnus.

Langt inne i skogen, vekk frå hus og veg sit Magnus Jensen iført store gummistøvlar og gul sjølvlysande bukse ved eit bord fullt av utstyr. Hadde det ikkje vore for mangelen av nistepakke og kaffitermos på bordet, kunne det sett ut som det var lunsjpause i arbeidslaget.

Men Magnus et ikkje lunsj. Nett no, langt ute i krattet, sikrar han vossingane internett. Magnus er telekommunikasjonsmontør for Teltech og dagens jobb er å skøyta fiberkablar for Voss Fiber, slik at du skal kunne få sjå filmar på Netflix eller følgja eit jobbmøte digitalt frå heimekontoret ditt.

Lokalt fiber

9 av 10 nordmenn brukar internett dagleg. Me har fått nye måtar å sjå tv på, nye sosiale medium dukkar opp og me lastar ned video og musikk i større grad enn før. Utviklinga går mot stadig meir trafikk gjennom nettet.

I løpet av dei siste 7 åra har Voss Fiber brukt mykje tid og investert om lag 160 millionar kroner på å byggja opp ein infrastruktur på Voss for fibernett. Saman med fiberentreprenøren Teltech har dei grave grøfter, lagt kablar, montert og teke seg av alt det administrative med å levera internett til vossingane.

Betre heimekontor

-Me vil byggja fiber til alle vossinger og tilby ein god infrastruktur til flest mogeleg, både verksemder og privatpersonar. Me vil at det skal vera mogeleg å kunne jobba like godt på eit heimekontor på Bordalen som ved ein arbeidplass i Bergen seier dagleg leiar i Voss Fiber, Johannes Rongve.

Johannes er oppteken av å skapa lokale verdiar og arbeidsplassar på Voss, og i september flytta dei kompetansen og kundesenteret til Tvildemoen for å kunne vera lettare tilgjengelege for kundane.

-Fordelen med å vera lokale er fleire. For kundane er det kort veg til å få kontakt med oss og me har kort veg til å rydda opp dersom det er eit problem som må fiksast, legg han til.

Om lag 4500 vossingar har så langt tinga internett hjå Voss Fiber, og med pågang frå nye kunder må Magnus fram med dei blå operasjonshanskane.

Skøytedoktoren

Attende i skogen er ein kabel frå dei ruvande høgspentleidningane lagt i bakken. Den svarte kabelen snor seg gjennom graset og blir ført opp i ei maskin som er bolta fast i eit arbeidsbord. Der syter Magnus for å skøyta saman fibera som skal sikra stabile signal slik at Voss Fiber kan levera stabilt og raskt internett frå Skulestadmo til Gudvangen.

Samankopling og skøyting er ein nøysam og tidkrevjande prosess. Om lag 40 hårstråtynne fibertrådar må strippast heilt ned til glaskjernen før dei kan skøytast i ei skøytemaskin.

-Eg reknar med å bruka om lag to timar på å skøyta 40 fiber, seier Magnus der han sit i solsteiken.

Med kirurgisk presisjon klyppar Magnus av plastikken som beskyttar glastråden, stødige fingrar grip om pinsetten som vert dyppa i sprit før den varsamt stryk over glastråden. Deretter legg han tråden i ei maskin som kuttar glaset heilt rett. Når to trådar er reinsa og klypt beint, vert dei lagde ned i skøytemaskina som smeltar dei to fibera saman til eitt.

Kamp mot støvkorn

Er det vanskeleg?

-Nei, men ein må vera varsam. Sjølve samansmeltinga syter maskina for, og den seier jo ifrå om ikkje skøytinga er vellukka.

Det skal ikkje mykje til før det ikkje går, eit lite støvkorn kan vera nok til at skøytinga vert mislukka.

- Det er lett at ting blir tilgrisa når eg jobbar ute. Små grasstrå, pollen, og andre ting frå naturen kan lett øydeleggja skøytinga. Fiberet må vera helit reint føyer han til, før han nok ein gong tek frem bomull, sprit og pinsett for å reinsa eit nytt hårstråtynt fiber.

Berre 39 fiber att no før Voss Fiber kan knyta nettet mellom Skulestadmo og Gudvangen saman til eitt.

Foto: clourbox

Fiber er breiband, men laga i eit anna materiale enn elektriske leiarar eller kopar. Ein fiberkabel er bygd opp rundt ein kjerne av glas. Gjennom glaset vert datatrafikk sendt med lyssignal i motsetnad til tradisjonelle, elektriske straumimpulsar. På den måten kan fiber senda ubegrensa mengde data i lyset si hastigheit.