Stafettlaget til Voss IL, Erling Fagerbakke Fosse, Vebjørn Turtveit og Sjur Røthe, enda på åttandeplass under NM på Gjøvik sundag.

Fosse gjekk fyrste etappe, men var uheldig frå start og hamna bak.

– Eg hadde eit fall i byrjinga som gjorde at eg hamna heilt bak. Dei gjekk fort i front, så det var vanskeleg å henta seg inn igjen, seier Fosse til Hordaland.

– Korleis var det å vera på lag med Vebjørn og Sjur? Tek du med deg nokon erfaringar?

– Me hadde eit bra lag, så det er ikkje kjekt å øydeleggja for laget. Men det er slikt som skjer. Det var kjekt å gå med Vebjørn og Sjur, men samstundes drit når det gjekk slik, seier han tydeleg skuffa.

Kom for langt bak

Vebjørn Turtveit gjekk andre etappe.

– Det blei ikkje heilt det me hadde håpa på, men eg synest me var nære trass i uhell på fyrste etappe, meiner Turtveit.

Sjur Røthe kom i mål like over tre minutt bak vinnaren Kjelsås IL.

– Erling var litt uheldig på fyrste etappe, og det er slikt som kan skje. Då tapte me mykje, og det var tøft å komma seg opp igjen, seier Røthe kort tid etter målgang.

– Kva tenkjer du om eigen innsats?

– Det gjekk heilt ålreit. Det var litt for langt fram til toppen, så eg fann meg heller ein grei fart i løypa. Eg ville ikkje risikera lungene. Det var kaldt nok der ute, fortel Røthe.

Han reiser til Frankrike onsdag for å gå to verdscuprenn.

– Eg håpar å få samla litt overskot og krut fram til det.

Kaldt i løypa

NM-konkurransane laurdag vart avlyste på grunn av sprengkulde, men etter omlegging av løypa sundag kunne stafetten gå som normalt.

– Korleis var det med tanke på kulden?

– Ein merkar ikkje så mykje når ein går, men det er kaldt, ja, svarar Fosse.