Minneord
Så kom bodskapen, om at han Torbjørn hadde sett vandringsstaven sin bort for godt, i sitt 95. år. Attende står tomrommet etter eit særs aktivt liv, som bonde, politikar, forfattar og hjelpesmann i ly og lag. Alltid tenestvillig og god å spørja, om ei hjelpande hand når ei oppgåve trong ei god styring, også utanfor bygda.
Bygdebokforfattaren, Henrik Kvalem, har sagt det så treffande i ættarboka: «Etter å ha vore innom dei fleste tillitsyrke ei bygd har å by på vart Torbjørn Seim ordførar i Granvin 1968-72.» Og Torbjørn kom ikkje nett til «duk og dekka bord», for å seia det slik. Det vart store oppgåver å ta til med, mellom anna industrialisering på Røystrandsøyri, bygging av Granvin barne- og ungdomsskule og tilrettelegging for bustadreising på øvre-Røynstrand. Og dette med ein kommuneøkonomi som ikkje nett fløymde over med pengar.
Men godt gjekk det, og i Granvin si soge vart dette nokre viktige år for bygda.
Etter at han overlèt garden til sonen, Olav, fekk Torbjørn tid til å dyrka andre interesser. Han flytte etter kvart ned til ei bueining i Mælandshagen på Eide. Her sette han i gang med å skriva to viktige bøker om Granvin, den eine om alle stølsbruka i bygda og den andre om husmannsplassane som høyrde til den eldre tid. Båe med velutforma tekst og interessante bilete. For ettertida vert dette ståande som viktige dokument for etterslekt og yngre generasjonar.
Men ikkje nok med det. Saman med eit par «pensjonerte kommunale karar», vart han spurd om å laga eit avslutningsskrift for Granvin som eige herad, frå 1891 til samanslåinga med Voss herad. Viktig sogetilfang det òg.
Når ein dei siste åra stakk innom til Torbjørn nede i Mælandshagen, var ein alltid velkomen til ein prat. Ikkje lenge bia, så var kaffikoppen og nysteikte vaflar på plass òg.
Så var det ei anna interesse som ofte kom fram i samtalane. Torbjørn hadde òg musikalske evner, og var særs oppteken av folkemusikken. Han kunne mang ein gong når han hadde høyrt ekstra godt spel, visa at det blenkte litt ekstra i augnekroken.
Torbjørn passa heile tida på helsa si. Gjekk sine daglege turar og var såleis i full vigør til det siste.
Det vert eit stort sakn etter Torbjørn, og me vil minnast alle dei gode stundene me hadde ilag, både i arbeid og fritid.
Fred over minnet ditt, Torbjørn.