Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
I likskap med Tora Kildehaug frå Unge Høgre, trur eg og at elevar veit best kva skule dei ynskjer å gå på. Skilnaden er at for meg inneber det at ingen 15 åring skal bli tvinga til å flytta heimefrå, frå familien, vennene og nærmiljøet sitt, fordi dei ikkje har snittet til å gå på heimskulen sin.
Les også: Elevane i Vestland fortener eit reelt skuleval!
Ved å innføra Høgre sitt reine karakterbaserte opptak i Vestland, risikerer me å pressa elevar som treng nærleiken av heimstaden sin ut i ein usikker og tyngre kvardag. Om Høgre får viljen sin, vil det som alltid gå ut over dei svakaste elevane. Det er ganske dårleg gjort mot elevane som allereie slit, å i tillegg senda dei timevis unna alt dei kjenner.
Nærskuleprinsippet gir elevar moglegheita til å velja heimskulen sin, men dei kan framleis velja ein annan skule om dei heller vil det. «Fritt skuleval» er ikkje fritt i det heile. Det er eit karakterbasert opptak, som ikkje tek hensyn til noko anna enn kva snitt du har. Ved å halda fram med nærskuleprisippet, gir me elevane større valfridom og meir forutsigbarheit.
Nærskuleprinsippet har vorte endra fleire gongar, ikkje fordi det er ei dårleg ordning, men fordi det krevst alltid tilpassingar for å gi fleire elevar meir fridom. Ein bør ikkje fjerna ei god ordning som dei aller fleste kommunane i Vestland er nøgde med, fordi det er nokre ho ikkje treffer. Ein burde heller justera nærskuleprinsippet, istadenfor å innføra karakterbasert opptak som er ei urettferdig og meir firkanta ordning som kun gagnar elevane med dei beste karakterane.
Eg kjem frå Odda. Utan nærskuleprinsippet hadde eg risikert å måtta pendla 90 minutt eller endå lenger, hadde eg ikkje hatt snittet til å gå på Odda vgs. Heldigvis trong ikkje eg å leva med presset om at dersom eg gjorde det dårleg på skulen så vart eg sendt vekk frå heimstaden min. Eg hadde nærskuleprinsippet, og eg er uendeleg glad for at Arbeidarpartiet syt for at ingen elevar får ufrivilleg lang reiseveg til skulen.